Hopp til innhold

– Eg har sommarfuglar i magen

– Eg har litt sommarfuglar i magen, for eg hoppar ut i noko eg ikkje veit så mykje om, seier Solveig Sundbø Abrahamsen, som no får stortingsplass.

Satsar på Stortinget

Solveig Sundbø Abrahamsen opplevde ei spennande valvake der ho var inne og ute av stortinget.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Først opplevde Solveig Sundbø Abrahamsen frå Seljord ei spennande valnatt som andre kandidat på Høgre si stortingsliste, då ho tapte kampen om stortingsplassen på målstreken mot Christian Tynning Bjørnø frå Arbeiderpartiet.

Etter det har seljordordføraren venta i ein månad utan å vite om ho skal fortsette som ordførar eller overta stortingsplassen til Torbjørn Røe Isaksen dersom han blir statsråd.

– Det har vore veldig spennande. Eg har prøva og legge det litt til side og tenke på at eg er ordførar i Seljord. Men det har tatt litt på, innrømmer Sundbø Abrahamsen.

Fekk telefon av Torbjørn

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen blir ny kunnskapsminister.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Men no er det klart at Solveig Sundbø Abrahamsen vil møte som fast vararepresentant for kunnskapsminister Røe Isaksen på stortinget.

– Eg fekk telefon frå Torbjørn klokka ti tysdag kveld. Då sa han at det stemmer, eg skal bli statsråd. No må du pakke kofferten Solveig, sa han.

Solveig Sundbø Abrahamsen fortel at ho måtte omstille seg etter den telefonen og førebu seg og planlegge eit anna liv. Men pakke kofferten har ho enno ikkje fått tid til.

– Eg trur ikkje eg treng å pakke så mykje, men mentalt har eg starta med å pakke. Og ordførarkontoret har eg starta med å rydde, seier Sundbø Abrahamsen.

Første møte i Stortinget bli torsdag klokka 12, og neste møte er fredag klokka 15. Men ho har fått forståing for at ho ikkje er på plass i stortinget før måndag.

Sommarfuglar i magen

Førebels veit ho ikkje kva saker ho kjem til å arbeide med på stortinget.

– Eg har litt sommarfuglar i magen, for eg hoppar ut i noko som eg ikkje veit så veldig mykje om.

Sunbø Abrahamsen har lyst til å jobbe med samferdsel fordi det er viktig både for busetjing og næringsliv.

Men også skule og kunnskap interesserer seljordordføraren som har bakgrunn som lærar.

– Men no er det også varsla ein kommunereform, og alle spørsmål knytta til den lokale handlefridomen interesserer meg, seier Sundbø Abrahamsen.