Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Flyvende hollendere reporter Marte Kaasa Arntsen
- Kommune: Fyresdal
Marte Kaasa Arntsen og Ragnar Lurås
Det nederlandske paret Rian og Tckonko Zwolsman har kjøpt Fyresdal Hotell av finansmannen Trygve Hegnar.
Kontrakten blei underteikna på Trygve Hegnar sitt kontor på fredag, og finansmannen fekk sju millionar kroner for hotellet.
Vil bruke hotellet og flyplassen
Fyresdal flyplass kan få ny drift som flyplass for småflyturisme.
Paret overtek Fyresdal Hotell 15. oktober i år, og dei har store planar for både hotellet og flyplassen i Fyresdal.
- Kjærasten min er seglflygar. Det er mange stader der du kan fly, men det er ingen stader der du også kan overnatte saman med heile familien, seier Jacobs.
Det var altså slik dei fekk ideen om å kjøpe Fyresdal Hotell og nytte seg av flyplassen i nærleiken, 31 år gamle Rian Jacobs og hennar 32 år gamle kjæraste Tckonko Swolsman frå Nederland.
Turisme for småfly og seglfly
Dei har vore mykje ute for å fly med småfly og seglfly, men utan å lande på ein stad der det var tilbod om overnatting, mat og aktivitetar for flygaren med følgje.
Det vil dei forandre på når dei tek over Fyresdal Hotell 15. oktober.
Trygve Hegnar har selt hotellet i Fyresdal.
Nå skal hotellet og flyplassen i Fyresdal nyttast til turisme for dei som kjem med småfly eller seglfly.
Har kosta sju millionar
Hotellet har kosta det nederlandske paret sju millionar kroner, og dei har planar om å halde ope heile vinteren.
Heilårsope blir noko nytt på Fyresdal Hotell, med det er vel også småflyturisme.
- Vi trur det er ein stor marknad for dette i Nord-Europa. Folk saknar ein stad der dei kan fly, og samstundes ha med seg familien for overnatting, seier Jacobs.