Hopp til innhold

Skuterløyper er for alle

Miljødirektoratet krev at også utanbygdsfolk må få høve til å bruke snøskuterløypene i forsøkskommunane.

Snøskuter

Det kan vere i strid med EØS-avtala å nekte folk som ikkje bur i kommunen å kjøre snøskuter i forsøkskommunar med snøskuterløyper.

Foto: Sigve Nedredal / NRK

Forsøkskommunar kan ikkje avgrense bruken av snøskuterkjøring til bestemte brukargrupper, som til dømes eigne innbyggarar.

Det slår Miljødirektoratet fast i eit brev til Vinje kommune. Årsaka er at dette kan vere i konflikt med EØS-avtala.

Plan- og økonomisjef i Vinje, Jan Myrekrok, seier det vil by på store utfordringar for søkarkommunane.

Utfordring for Vinje kommune

Vinje kommune har hatt ei ordning der grunneigarane har godkjent på førehand dei som bur i kommunen og som er medlem av ein av dei tre snøskuterklubbane.

– Brevet frå Miljødirektoratet er ei avklaring på om Vinje kommune kan vidareføre ei slik ordning som vi har vore opptekne av, seier Myrekrok.

– Er det grunn til å tru at grunneigarane vil nekte no når det blir opna for skuterkjøring for dei som ikkje bur i kommunen?

– Mange synest nok det har vore greitt å seie ja til det forsøket vi har hatt når det berre gjeld for bygdefolk. Så dette blir ei stor utfordring, seier Myrekrok.

Kan kreve avgift for snøskuter

Ifølgje Miljødirektoratet er det opp til søkarkommunane å utforme avtalen med den enkelte grunneigar om bruk av areal.

For å motverke ein invasjon i skuterkjøringa meiner Myrekrok det kan vere nødvendig å sette ei grense i talet på skuterløyve.

– Ein mogleg variant kan vere at vi legg opp til ei eller anna form for kvoteordning der ein kan søke til ein gitt frist på skuterløyve, men at det også gjeld for dei som ikkje bur i Vinje, seier Myrekrok.

Ein annan moglegheit kan også vere å kreve ei avgift for skuterløyver. Denne avgifta, eller delar av den, kan då gå som kompensasjon til grunneigarane.