NRK Meny
Normal

Skjervagen held fram som ordførar

Erik Skjervagen held fram som ordførar i Fyresdal for Arbeidarpartiet etter valet. Han meiner Arbeidarpartiet har oppfylt alle valløfta.

Erik Skjervagen

Erik Skjervagen held fram som ordførar i Fyresdal.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vallogo

– Eg er strålande fornøgd med å få 61 prosent av stemmene og ti av 17 mandat i Fyresdal, så eg er kjempeglad i dag, seier Skjervagen.

Han trur satsinga på næringslivet og det kommunen har fått til av næringsutvikling betyr mykje for mange veljarar. Arbeidarpartiet fekk tre nye mandat.

Har oppfylt valprogrammet

– Og så har vi gått gjennom heile programmet vårt og sett at vi har oppfylt kvart einaste punkt vi har lova veljarane. Det er vi veldig stolte av, seier Skjervagen.

Ordføraren vil satse på same linje dei neste fire åra med fokus på næringsutvikling, arbeidsplassar og folketalsutvikling.

– Vi satsar vidare på gode oppvekstmiljø og folkehelse. Og profilere oss tydeleg og marknadsføre oss aktivt på mange ting.

Var redd låg valdeltaking

I Fyresdal har det berre vore to parti å velje mellom i dette valet. Senterpartiet fekk dei sju andre mandata i Fyresdal, og fekk fire nye mandat.

– Eg var litt redd for at mange ikkje ville stemme når det berre var to parti å velje mellom, men valdeltakinga gjekk ikkje så mykje tilbake.

Fyresdal stemte 66,4 prosent av dei røysteføre. Ved førre val var valdeltakinga rundt 70 prosent.