Hopp til innhold

Senterpartiet gjer det bra i Vinje

Senterpartiet ligg an til eit rekordbra val i Vinje, med ein framgang på 8,6 prosentpoeng og ei oppslutning på 47,4 prosent. Arbeidarpartiet mister over halvparten av veljarane, og får ei oppslutning på 12 prosent. Det viser ei meiningsmåling som Sentio har utført for NRK og TA.