Hydrodirektør Eivind Reiten sa i Dagsrevyen i går at Hydro truleg skrinlegg planane om gasskraftverk på Kårstø og Kollsnes, fordi det er meir lønsamt å selje gassen til kontinentet.
Men Skagerak Energi har ikkje mista trua på at eit gasskraftverk i Grenland blir lønsamt over tid.
Skagerak har ikkje mista trua
Modell av eit gasskraftverk. Skagerak Energi satsar vidare i Grenland.
Wilhelm Rondell, direktør i Skagerak Energi, har ikkje så høge krav til årleg forteneste som Hydro.
I tillegg tenker dei 40 år fram i tid, når dei skal avgjere om det er lønsamt å bygge gasskraftverk i Grenland.
Dei reknar både på gasskraftverk som slepp ut CO2 og forureiningsfrie gasskraftverk.
Uansett meiner Rondell at det vil være lønsamt.
Avhengig av gasskraftverk
Gasskraftverket og gassrøyr til Grenland er heilt avhengig av kvarandre.
- Utan kraftverk blir det heller ikkje noko gassrøyr og omvendt. Men Skagerak Energi satsar vidare, og har stor tru på prosjektet, seier Rondell.
Skagerak Energi trur dei har ein konsesjonssøknad klar i 2006.