Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Hevdar Norske Skog manglar strategi. Reporter Ragnar Lurås.
- Industri: Norske Skog Union
- Leiinga i Norske Skog har ingen langsiktig strategi for korleis dei vil utnytte dei norske skogressursane og utvikle selskapet.
Det hevdar bedriftsrådgivar Terje Haukås Skriver i Tinn. Han har laga ei analyse av selskapet.
Strategi fråverande
No åtvarar Skriver skogeigarane mot å stole på leiinga i selskapet.
Analysa av årsrapporten til Norske Skog er gjort av Team Sam Eyde på oppdrag frå LO etter at dei tilsette for eitt år sidan fekk mistanke om at konsernleiinga ville legge ned Union i Skien.
- Analysa fortel at leiinga i Norske Skog anten ikkje har ein strategi eller ikkje vil fortele kva for ein strategi dei har, seier Skriver.
Styret har ansvaret
- Styret har det overordna avsvaret, dei skal utvikle langsiktig stratgi for konsernet. Men i årsberetninga på godt og vel 130 sider, er det ikkje definert eitt einaste langsiktig mål, altså utover 2006 korkje frå styret eller konsernleiingas side, seier Skriver.
Han meiner dette viser at leiinga i Norske Skog ikkje har klare konkrete tankar om kva dei vil oppnå i framtida.