Hopp til innhold

Særbehandling av menn kan bli lov

Regjeringa vil endre lova og gje menn same vern mot diskriminering som kvinner. Håpet er fleire menn i kvinnedominerte yrke, seier likestillingsministeren.

Solveig Horne

VIL ENDRE LOVA: barne- og likestillingsminister Solveig Horne vil endre lova slik at det skal vere lov med særbehandling av menn i alle kvinnedominerte yrke.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NPK

I fleire typiske kvinneyrke er det i dag ikkje lov til å oppfordre menn til å søke. Men i den nye likestillings- og diskrimineringslova som blir lagt fram denne veka gir regjeringa same høve til særbehandling av menn som av kvinner.

Det er mange vakter som skal fyllast ved lindrande avdelinga ved Frednes sjukeheim i Porsgrunn. Leiar for avdelinga, Ragnhild Larsen har berre kvinner å velje mellom blant dei tjue tilsette.

– Det er ikkje så lett å rekruttere menn til dette fagfeltet, seier Larsen.

Kan oppmode menn til å søke

I dag er det berre når det skal rekrutterast tilsette til stillingar der hovudoppgåve er undervisning eller til omsorg for barn det er lov å oppmode menn til å søke på stillingane.

Det vil barne- og likestillingsminister Solveig Horne gjere noko med. Ho vil endre lova slik at det skal vere lov med særbehandling av menn i alle kvinnedominerte yrke.

– Eg ønskjer å opne for at arbeidsgivarar kan oppmode menn til å søke i stillingsannonsane. Og eg vil oppmode arbeidsgivarane til å ha mentorordningar og stipendordningar for å få fleire menn i kvinnedominerte yrke.

Horne seier at dette ikkje er mogleg i dag.

– Og derfor er det viktig å opne for det, seier likestillingsministeren.

Vil styrke likestillinga

– Trur du det blir mogleg å få fleire menn inn i tradisjonelle kvinneyrke etter dette?

– Ein av dei største likestillingsutfordringane vi har i Noreg er at vi har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad. Og vi treng fleire menn inn i kvinnedominerte yrke, særleg i helse- og omsorgssektoren. Og vi treng fleire kvinner inn i mannsdominerte yrke.

Ved å ha ei lov som er nøytral, men som også opnar for positiv særbehandling av menn og aktivt oppmodar dei til å søke dei yrka, så meiner Horne det vil vere med på å styrke likestillinga mellom kvinner og menn i Noreg.

Menn må kunne jobben

Ragnhild Larsen

IKKJE LETT: Det er ikkje lett å rekruttere menn til dette fagfeltet, seier Ragnhild Larsen ved Frednes sjukeheim.

Foto: Veronica Westhrin

Men ved Frednes sjukeheim i Porsgrunn meiner leiaren at andre verkemiddel kan vere betre.

– Det kan hende at viss vi hadde brukt lønn som argument, så kunne vi fått fleire søkarar, seier Larsen.

– Vil du bruke sjansen til å oppmode menn til å søke?

– Eg vil nok kanskje det oppmode dei til å søke. Men eg vil ikkje tilsette nokon som ikkje er kvalifisert for jobben. Og dei må ville jobbe med dette fagfeltet, seier Larsen.

Lova blir etter planen lagt fram for Stortinget på onsdag.