Hopp til innhold

Har fem tonn reker som han ikkje får fange

Rekefiskarane har tomme kasser som skulle vore fulle av smakfulle reker. Det betyr ein julemånad utan lønn for mange rekefiskarar.

Det er tomt for reker på telemarkskysten

Foto: Øystein Økter

Rundt 100 reketrålarar mellom svenskegrensa og Rogaland ligg i dag til kai fordi rekekvoten i området er fiska opp.

Skagerrak Fisk fortel at det snart blir tomt for reker i butikkar og utsal.

Får ikkje lønn i desember

Jan Bedsand, rekefisker

Jan Bredsand, rekefiskar

Foto: Øystein Økter / NRK

Reporter Kurt Inge Dale har vore om bord på reketrålaren Mostein. Dale fortel om fortvilte rekefiskarar som går inn i ein julemånad der dei ikkje får lønn på grunn av fiskestoppen.

– Vi synest det er uheldig for rekefiskarane og for marknaden som ikkje får reker nå før jul, seier rekefiskar Jan Bredsand.

Han fortel at rekefiskarane gjerne skulle ha fiska fram til nyttår, fordi det er behov for reker.

– Vi har halde litt igjen av rekekvoten vår, for vi hadde rekna med å kunne fiske 14 dagar til, seier Bredsand.

Han har 5 tonn igjen på rekekvoten som han ikkje får lov til å fiske, fordi den norske rekekvoten er fiska opp, og det er stopp i rekefisket.