SE OGSÅ: |
|
ALT OM: |
Ulovleg snøskuterkjøring
Leiar i Naturvernforbundet i Midt-Telemark, Lars Kløcker, seier at politiet ikkje gjer nokon ting for å stoppe den ulovlege snøskuterkjøringa på Lifjell.
- Det kan nesten sjå ut som at justisen frå Bøgata er flytta til Lifjell. Eg meiner det er så enkelt at folk må følge lova, og ikkje ta den i sine eigne hender. Det kan ikkje samfunnet stå å sjå på.
Kløcker seier at Naturvernforbundet er blitt nedringt av turfolk som reagerer på ulovleg skuterkjøring.
- Det er blitt så ille at folk har tatt kontakt fordi dei fryktar for liv og helse, og er livredde for å gå i fjellet, seier Kløcker.
Må reagere på ulovleg kjøring
Han meiner lensmannskontoret i Bø må ta ansvaret for at ein representant for statens naturoppsyn blei truga og forsøkt påkjørt då han prøvde å stoppe ulovleg snøskuterkjøring på Lifjell.
Kløcker meiner lensmannskontoret ser gjennom fingarane med den ulovlege skuterkjøringa.
- Politiet gjer ikkje noko når dei får melding om ulovleg snøskuterkjøring. Då får snøskutermiljøet inntrykk av at dei ikkje gjer noko ulovleg, og då oppstår det slike uheldig episoder som då ein oppsynsmann prøvde å stoppe den ulvolege kjøringa åleine, seier Kløcker.