Hopp til innhold

Ordførarduell i Sauherad

GVARV (NRK) : Høyr korleis det gjekk da Arbeidarpartiets Mette Haugholt, Senterpartiets Per Simon Slettebø og Alf Rose Sørgården i Kristeleg Folkeparti møttest til ordførardebatt i Sauherad.

Ordførerduell Sauherad

SPs Per Simon Slettebø, Christina Førli Aas i NRK, KrFs Alf Rose Sørgården og Mette Haugholt i AP møttest til debatt i Sauherad.

Valglogo

Hans Sundsvalen frå Arbeidarpartiet har styrt Sauherad i 16 år, og er nå den ordføraren som har lengst fartstid i Telemark. Nå trekker han seg tilbake frå politikken.

Historisk har Arbeidarpartiet hatt eit god grep om Sauherad, men også Senterpartiet har hatt ordføraren i enkelte periodar. Ved sist val blei det eit klart ikkje sosialistisk fleirtal, men Sundsvalen blei attvalt med støtte frå Høgre og Senterpartiet.

Åtte lister

I år er det heile åtte lister i Sauherad – nyaste tilskot er Miljøpartiet de grønne.

Varaordførar Wenche Akkerhaugen frå Høgre, Alf Rose Sørgården i Kristeleg folkeparti og Heine Århus i Venstre er nå dei med lengst erfaring frå Sauheradpolitikken.

Arbeidarpartiet har Mette Haugholt som ny ordførarkandidat, Senterpartiet Per Simon Slettebø.

Senterpartiet vil ha betaling

Det er Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Arbeidarpartiet som ligg nærast til å få ordføraren etter valet. Senterpartiet vil nok gjerne ha betaling for å ha støtta Sundsvalen i fleire periodar, også ved konstitueringa etter sist val.

Då enda Senterpartiet i eit trepartisamarbeid utan å ha verken ordførar eller varaordførar, og det er uvanleg. Så denne gongen vil nok Slettebø har ordførarstolen eller ingenting.

Elles gjorde KRF og Alf Rose Sørgården eit kjempeval sist, og fekk 22 prosent av stemmene. Mykje på grunn av skulesaka. Men KrF blei finta ut av Høgre i siste runde med forhandlingar om posisjonar, og har vore i opposisjon denne perioden. Rose Sørgården er ein joker i dette valet – det kan fort skje at han må gi opp ein karriere i KrF sentralt for å innta kommunehuset på Akkerhaugen som ordførar.

Høyr korleis det gjekk da Ap, Sp og KrF møttest til debatt i Sauherad:

NRK beklagar tidvis dårleg lydforhold under sendinga.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark