Hopp til innhold

Oppsagt fastlege: Ein menneskerett å nekte å sette inn spiral

SKIEN (NRK): Menneskerettane står sentralt i ankesaka i Agder lagmannsrett der ein polsk fastlege er blitt oppsagt for å ikkje ville sette inn spiral på kvinner av samvitsgrunnar.

Katarzyna Jachimowicz og Håkon Bleken

SAMVITSGRUNNAR EIN MENNESKERETT: Den oppsagde fastlegen, Katarzyna Jachimowicz, og advokaten Håkon Bleken meiner det er ein menneskerett å nekte å sette inn spiral av samvitsgrunnar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Katarzyna Jachimowicz blei oppsagt av Sauherad kommune i 2015 da reglene i fastlegeforskrifta blei innskjerpt, slik at fastlegane ikkje kunne reservere seg mot å gi prevensjon.

Fastlegen saksøkte kommunen for usakleg oppseiing og kravde jobben tilbake, men tapte i tingretten i januar 2017. I dag var siste dag i ankesaka i Agder lagmannsretten, der Jachimowicz håper på eit anna resultat.

– Eg trur samvitsgrunnar er ein menneskerett, og er viktig i eit moderne demokrati. Det er heller ikkje fagleg relevant for ein fastlege å lære seg alle prosedyrar. Eg kan ikkje sette inn spiral, men var den einaste fastlegen ved Sauherad legekontor som blei sagt opp på grunn av det. Det er grovt urettferdig.

Katarzyna Jachimowicz er fast bestemt på å køyre saka vidare om ho også taper i lagmannsretten.

Tilhøyrarbenken i Agder lagmannsrett oppsagt fastlege

PENGESTØTTE: Representantar frå den Norges Kristelige Legeforening, Oslo katolske bispedømme og familie var til stades i Agder lagmannsrett for å følgje rettssaka.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I strid med menneskerettane

Advokat Håkon Bleken er prosessfullmektig for den polske legen. Han krev at Katarzyna Jachimowicz får tilbake jobben i tjue prosent stilling, og får erstatning for tapt arbeidsforteneste. Bleken meiner fastlegen blei usakleg oppsagt.

– Sauherad kommune har mange andre fastlegar som heller ikkje set inn spiral. Og det er fordi ho ikkje set inn spiral ho er sagt opp. Då blir det veldig spesielt at den eine som gjer det same som dei andre, og som i tillegg har ein samvitsgrunn, blir sagt opp.

Bleken brukte mykje i si prosedyre på å vise at oppseiinga av den polske fastlegen var i strid med artikkel 9 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

– Det er den som regulerer retten til fridom av samvitsgrunnar, og den er ein del av norsk lov. Noreg må følgje dei bestemmingane, slik dei blir tolka av Den europeiske menneskerettsdomstolen.

advokat Frode Laurareid og Cecilie Stangeby

HAR IKKJE ENDRA STANDPUNKT: Advokat Frode Lauareid er prosessfullmektig for Sauherad kommune. Til høgre kommunalsjef for helse og omsorg i Sauherad kommune, Cecilie Stangeby.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Personleg plikt å tilby denne helsetenesta

Sauherad kommune møtte i retten med kommunalsjef i Sauherad kommune Cecilie Stangeby og prosessfullmektig Frode Lauareid. Han seier at Sauherad kommune ikkje har endra standpunkt etter dommen i tingretten.

– Slik Sauherad kommune oppfattar det, så er staten veldig tydeleg på at det skal vere ein personleg plikt for den enkelte fastlege å tilby denne type helsetenester. Og når det ikkje blir gjort, så pålegg staten kommunen å sette i verk tiltak for å få det på plass. Når det ikkje er mogleg, er det naturleg at ein avsluttar avtaleforholdet.

Frode Lauareid seier forholdet til menneskerettskonvensjonen blei grundig vurdert av staten då dei kom med ny fastlegeforskrift.

– Der er det vurdert at dette ikkje er i strid med menneskerettane.

Får støtte av den katolske biskopen

Pater Hallvard Hole, katolsk kirke i Larvik

MORALSK STØTTE: Pater Hallvard Hole frå Den katolske kyrkja var til stades i lagmannsretten for å gje moralsk støtte til den oppsagde fastlegen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Den polske legen har fått økonomisk hjelp av Norges Kristelige legeforeining og Oslo katolske bispedømme for å kunne føre saka for lagmannsretten. Dei var også til stades i rettssalen for å gje moralsk støtte.

Pater Hallvard Hole seier biskop Bernt Eidsvig støttar den oppsagde fastlegen.

– Når det gjeld spørsmål om liv og død er den katolske kyrkja veldig klar på at livet må vernast frå befrukting til naturleg død. Det er eit standpunkt Katarzyna Jachimowicz har, og som ho er blitt oppsagt for, fordi ho ikkje vil sette inn spiral.

Pater Hallvard Hole meiner denne saka bør prøvast for menneskerettsdomstolen, viss den polske legen ikkje vinn fram i lagmannsretten.

– Det handlar om grunnleggande rettar i samfunnet som samvitsfridom, fridomen til å velje den utdanninga vi ønskjer og praktisere eit yrke.

Dermed kan saka til slutt hamne hos Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Der blir det staten som må svare for om dei har vurdert dette rett, og ikkje Sauherad kommune, seier Lauareid.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark