Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Oksum seier nei til 200 millionar reporter Ragnar Lurås
- Folkemøte om Union i Ibsenhuset reporter Ragnar Lurås
- Industri: Norske Skog Union
- Kommune: Skien
Det meiner to direktørar med bakgrunn i papirbransjen som har sett på Norske Skog sine eigne tal for kor lønsamt ein overgang til bokpapir vil vere.
- Dei seier nei til ein lønsam bokpapirmarknad. Alle studiar og Norske Skog sine eigne analyser viser at det er ein veksande marknad for bokpapir og at dette er lønsamt, seier Bjørn Arnestad.
Bryne 2 viser lønsemd
Det er lønsomt å legge om til bokpapirproduksjon ved Union i Skien viser rapport. Foto: NRK
Arnestad var direktør ved Union i Skien fram til fusjonen med Norske Skog. Han har studert rapporten som Norske Skog har utarbeida - denne viser at det er eit potensiale for 150-200 millionar kroner i året i overskot for konsernet ved ei omlegging til bokpapir ved Union i Skien.
- Det har Norske Skog sjølv sagt, seier Arnestad.
Han viser til prosjektet Bryne 2 som er ei marknadsutgreiing for lønsemda i bokpapirproduksjon.
- Norske Skog sine beste folk Boston Group har sagt at dette er lønsamt, seier han.
Arnestad får støtte av Arve Wang, tidlegare direktør ved Hellefoss ved Hokksund som produserer bokpapir. Han meiner det er mykje billegare for Norske Skog å investere ved Union. Det vil koste 75 millionar kroner over tre år.
Ikkje lønsamt å flytte bokpapir
Å flytte all bokpapirproduksjonen til Follum ved Hønefoss vil bety 500 millionar kroner i investeringar. Det synest han ikkje er nokon god ide.
- Eg har sjølv drive med bokproduksjon i 25 år og veit kor vanskeleg det er å innarbeide seg i bransjen.
Wang seier at han no er blitt kjent med produksjonen ved Union i Skien, og at han er blitt imponert over den kompetansen som finst her.
- Eg kan ikkje skjøne at Norske Skog vil gje frå seg dette, seier Wang.