Hopp til innhold

Nynorskpraktikant i NRK?

Nynorsk mediesenter i Førde lyser nå etter det sjette kullet med nynorskpraktikantar.

Nynorsk mediesenter i Førde er eit kurs- og opplæringssenter for nynorsk i etermedia, drive av NRK. Føremålet er å auke bruken av dialekt og nynorsk i media. Vi skal rekruttere og lære opp ti nynorskpraktikantar i året, og drive kursverksemd om nynorsk og media.

No lyser vi etter det sjette kullet med nynorskpraktikantar.

Fem praktikanter

Nynorsk mediesenter tek frå 3. januar 2007 inn fem nynorskpraktikantar for opplæring i seks månader. Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og Internett og nynorsk eterspråk.

Opplæringa skjer i hovudsak gjennom praktisk arbeid i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Dei to siste månadane skal praktikantane ha praksis i andre redaksjonar.

Dei som vert tilsette, må ville bli journalistar. Vi leitar fyrst og fremst etter samfunnsengasjerte folk med ei "brennande sjel" og ei god røyst. Det krevst gode allmennkunnskapar og godt språk, både skriftleg og munnleg. Interesse for radio- og fjernsynsarbeid må til, og gjerne litt røynsle i journalistikk, men det er ikkje eit krav. Det er ein føresetnad å ha fullført vidaregåande skule.

Intervju og studiotest

Ynskjer du å bli nynorskpraktikant må du sende oss ein skikkeleg søknad med attestar og vitnemål, og vi tilset etter intervju og studiotest. Praktikantane får løn i opplæringstida. Det er inga bindingstid til NRK etterpå, men heller ikkje garanti om arbeid.

Lurer du på noko kan du ringe leiaren Magni Øvrebotten på mobiltelefon 970 55 201 eller kontakte oss på nynorskmediesenter@nrk.no

Ynskjer du å bli nynorskpraktikant i Nynorsk mediesenter frå 3. januar 2007 må du sende oss ein søknad innan 1. oktober.

Merk søknaden : "Nynorsk 02/06"
Nynorsk mediesenter
Postboks 100
6801 Førde

www.nynorskmediesenter.no