NRK Meny
Normal

Nye rånaraksjonar i natt

På Notodden var det ei ny natt med rånaraksjonar i natt.

Utbrent bildekk
Foto: Tomas Bakken / NRK

I følgje politiet var det mykje bråk, påtenning av bildekk og promillekjøring.

Politiet har notert seg ti tilfelle med forsøk  på å stifte brannar.

Brannvesenet kalla ut ekstramannskap for å ta hand om alle brannstiftingane.

- Det er ei utfordring å ha nok folk på vakt og samstundes utkvilte mannskap til dagen i ferietida, seier beredskapsleiar Stig Selbo.

Tente på i nærleiken av butikkar

- Det var fleire tilfelle med påtenning av bildekk forskjellige stader i Notodden, seier operativ uteleiar Trond Egil Groth.

Politiet fekk også melding om to konteinarar og søppelkasser i nærleiken av butikkar som var påtent.

- Alle sakene vil bli etterforska av politiet, seier Groth. 

Politiet var forsterka med patruljer frå Midt-Telemark og Grenland.

Hadde kontroll

Operativ uteleiar Trond Egil Groth meiner situasjonen var under kontroll heile natta.

- Dei aller fleste rånarane oppfører seg faktisk ordentleg, seier Groth.

Han fortel at politiet har hatt ein god dialog med talsmannen for rånarane.

Enkelte utskot

Kvelden starta med ei lang kortesje med bilar i sentrum av Notodden, der dei fleste kjørte lovleg.

Men seinare på kvelden utvikla det seg til fleire ulovlege forhold.

- Det er enkelte utskot som ikkje har nokon respekt for lov og orden. Og det er desse vi slår knallhardt ned på, seier Groth.

Tente på bil på Høgås

Det mest alvorlege natt til onsdag var ein bil som blei påtent i bustadfeltet Høgås på Notodden.

- Denne bilen hadde tidlegare på kvelden kjørt på ein annan bil ved jernbanen og stukke av frå staden, seier Groth.

Bilen blei funnen att på Høgås, men då var bilen i full fyr. Eigaren hadde bedt om å bli henta av ein kamerat då politiet kom til staden.

Båe er mistenkt for kjøring av bil med promille. Men politiet seier at denne episoden ikkje har noko med rånaraksjonen å gjere.