Hopp til innhold

Nok å gjere for politiet i natt

Fest og fyll har ført til at politiet har hatt nok å gjere rundt om i Telemark i natt.

Politiet i Telemark på jobb

Det har vore ein del å gjere for politiet natt til søndag.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Laurdag kveld måtte politiet ta hand om ein ung mann som ikkje klarte å oppføre seg på Gvarv. Mannen var rusa og blei køyrd til arresten.

Rett før midnatt fekk politiet melding om slagsmål i eit husvære i sentrum av Skien. Det var roleg då politiet kom. Men 15 personar som var uønskte i husværet blei vist bort.

Etter midnatt fekk politiet melding om at uvedkomande har gått inn ei ulåst dør i Risingløkka i Skien og stole diverse datautstyr. Politiet har søkt med hund, utan resultat.

Fyll og bråk

Det har vore fleire tilfelle av fyll og bråk. Ei dørvakt på ein sentrumsrestaurant i Skien blei slått i andletet av ein gjest. Forholdet blir meldt, og gjesten blei vist bort.

Også i Porsgrunn blei ein mann vist bort frå sentrum i 01-tida av politiet for å ha forstyrra ro og orden i rusa tilstand.

På Notodden fekk fire personar ein sjanse av politiet, og blei vist bort frå sentrum. To av dei fire misbrukte sjansen, og måtte bli med politiet.

Slagsmål og urinering

Litt før klokka halv tre natt til søndag blei det meldt om slagsmål i Torggata i Skien. Ein person blei lettare skadd. To personar skal ha sprunge frå staden.

På Notodden kom det melding om bråk i drosjekøen rett før klokka tre. Politiet måtte vise bort ein mann som blir meldt for å ha forulempa ein offentleg tenestemann.

Ein mann i 30-åra blei meldt til politiet for urinering på offentleg stad i sentrum på Notodden.

Meir slagsmål

Rundt klokka tre natt til søndag kom det melding om amper stemning i jernbanegata i Porsgrunn. Politiet kom dit med fleire patruljar, og ein person blei arrestert for å ha skalla og slått til ein mann.

I Skien arresterte ei dørvakt ein person som tidlegare på kvelden hadde forfølgt kvinner. Politiet køyrde mannen til arresten og melder forholdet.

I Kragerø måtte politiet irettesette to personar som krangla i sentrum, og vise dei bort for resten av natta.

I halv fire tida måtte politiet køyre ein person til legevakta. Vedkomande hevda å ha fått juling i sentrum. Politiet har ingen opplysningar om gjerningsmannen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark