NRK Meny
Normal

Motorsportforbundet reagerer på negativt fokus på vasskuter

Norges Motorsportforbund reagerer på at fleire ordførarar langs kysten vår vil forby vasskuter og jetski. Fryktar negativt fokus kan hindre rekruttering.

Vannscooter i høy fart

NEGATIVT FOKUS: Norges Motorsportforbund likar ikkje det negative fokuset som vasskuter og aquabike har fått.

Foto: NRK

President i Norges Norges Motorsportforbund, Per Velde, seier at dei som brukar vasskuter representerer eit stort potensial til rekruttering til idrett. Men forbundet har ikkje engasjert seg i rekreasjonskøyring med vasskuter.

– Vi ønskjer ikkje det negative fokuset som vasskuterar får, seier president i Norges Motorsportforbund, Per Velde.

Kommunestyret på Tjøme i Vestfold har gått inn for å vedta eit generelt forbod mot vasskuterar i skjergarden som er sendt ut på høyring. Kragerø, Bamble og fleire kommunar på Sørlandet arbeider med det same.

Vil ha fokus på føraren

Per Velde meiner det er spesielt at fokus blir retta mot eit fartøy og ikkje føraren. Han viser til at det ikkje er nokon som ønskjer forbod mot RIB eller andre hurtiggåande båtar.

Per Velde, president i Norges Motorsportforbund

Per Velde er president i Norges Motorsportforbund.

Foto: Norges Motorsportforbund

– Etter det eg kjenner til er det svært få ulykker med vasskuter, men likevel blir det framheva som eit ulykkesreiskap. Det fleire ulykker med andre fartøy til sjøs enn vasskuter.

Han meiner likestillinga mellom vasskuter og andre fartøy er viktig for motorsporten til sjøs, fordi vasskuter eller aquabike er ein liten idrettsgrein i Noreg.

– Men diverre er det alltid nokon førarar som får negativ merksemd, og som ikkje har noko med idretten å gjere. Det klarar ikkje folk å skilje mellom.

Motorsportforbundet meiner vasskuter er ein båt som må regulerast etter det.

– Vi må få fokuset på båtføraren. Slik småbåtlova er i dag må du vere 16 år og ha båtførarbevis for å køyre ein vasskuter. Ein vasskuterførar må halde seg til sjøvettsreglar som alle fartøy på sjøen må gjere.

Vasskuter og vannscooter på tur

Motorsportforbundet meiner det er er få ulykker med vasskuter og aquabike, og meiner fartøya får mykje negativt fokus.

Foto: Henning Hodnemyr

Vil arbeide mot lokal forskrift

Thorleif Fluer Vikre er leiar i Kragerø Frp og medlem i kommunestyret. Han lovar å arbeide mot ei lokal forskrift mot bruk av vasskuter.

Thorleif Fluer Vikre, Kragerø Frp

Frp politikar i Kragerø, Thorleif Fluer Vikre, har sjølv ein vasskuter han brukar til og frå jobb.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er ikkje ei sak for kommunestyret, for dette er delegert til hamnestellet, og dei har så vidt eg veit ingen planar å behandle forskrifta.

Fluer Vikre viser til at det er innført fartsgrenser i Kragerø, og han kan ikkje sjå at det er behov for nye reglar for bestemte typar båtar.

– Eit fartøy blir ikkje farlegare enn det ein førar gjer det til. Viss du følgjer lovar og reglar. Viser aktsemd som du skal gjere på sjøen, så er ikkje vasskuter mindre farleg enn ein RIB med 300 hk. Er det ein dårleg sjåfør, så kan det også skape farlege situasjonar.

Vikre, som sjølv køyrer vasskuter, meiner den er meir miljøvenleg og eit mykje tryggare fartøy enn dei aller fleste om du følgjer lovar og reglar.

– Det er ikkje så mange andre fartøy som har brems, det har ein vasskuter.

  • Fylkesveg 38 er open igjen

    Fylkesveg 38 er opna i Liosvingen mellom Åmot og Dalen der det var stengt på grunn av berging av vogntog.

  • Vogntog veltet på Notodden

    En trailer har veltet på Europavei 134 ved Bamlesletta på Notodden i Telemark. Vogntoget har kjørt i grøfta og tippet på siden, melder politiet i Telemark. Det er redusert fremkommelighet på strekningen Seljord - Notodden på grunn av berging.

  • Veldig glatt

    Politiet har fått meldinger om at det skal være svært glatt på flere sideveier. Flere melder om mindre trafikkuhell og om kjøretøy som står fast.

    Glatte veier
    Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK