SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Sju ordførarar i Vest-Telemarkrådet krev at alle pengane hamnar i distrikts-kommunane som får auka avgifter.
Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen meiner at også Grenland bør få pengar.
No vil ho ha eit møte om saka.
Gunn Marit Helgesen
- Viss vi ikkje klarar å bli samde i Telemark så blir det nokon i departementet som kjem til å avgjere. Mitt motto er at vi i Telemark skal avgjere kva vi skal prioritere, seier Helgesen.
Reagerer i Vest-Teleamark
Dei sju ordførarane i Vest-Telemark Rådet har reagert kraftig på at Grenland kan stikke av med fleire millionar kroner av pengane som staten gir i kompensasjon for at arbeidsgivaravgiften aukar.
Stortingsrepresentant Sigvad Oppebøen Hansen har støtta ordførarane og seier at Stortinget har øyremerka desse pengane til distrikts-kommunane, fordi det er dei og ikkje Grenland som får auka arbeidsgivaravgift.
- Det er nok litt ulike tolkninger her. Og dersom det kjem eit forslag som ein er samde om kan det vere avgjerande, seier Helgesen.
Fylkesordføraren vil nå ha eit møte om saka som handlar om mykje pengar, særleg for distrikts-kommunane i Telemark.