SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Marius Schulze og Ragnar Lurås
Om fem år vil rundt 20 av dei 47 tannlegane i tannhelsetenesta i Telemark ha gått av med pensjon i Telemark.
Dei store problema med å rekruttere tannlegar til offentleg sektor skaper vanskar for tilsette, pasientar og politikarar.
Vanskeleg å rekruttere
Det er krise i tannhelsa i Telemark. Arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn, NTB Pluss.
- Det er vanskeleg å få tak i nye tannlegar. Er vi uheldige så er staben med tannlegar i Vestmar-regionen halvert om eit år.
Det seier overtannlege i Vestmar tannhelsedistrikt, Ola Didrik Næss.
Det er nå fem år sidan det blei tilsett ein norsk tannlege i tannhelsetenesta i Telemark.
Ingen av dei tyske tannlegane som har blitt verva, har blitt i Telemark over i lang tid.
Næss er nå uroa for framtida.
- Ventetida blir lenger og lenger. Vi må vente med å reparer hol i tennene. Og kan ikkje lenger prioritere dei svake i samfunnet, seier han.
Fylkeskommunen har ikkje pengar
I Telemark er det utval for kultur og identitet som sit med det politiske ansvaret for tannhelsetenesta.
Leiar i utvalet, Magnhild Holmberg, seier ho forstår frustrasjonen hos tannlegane.
- Vi ser at dei slit og strevar. Og vi gjer kva vi kan, men fylkeskommunen har lite pengar til å gjere noko med det, seier ho.
Overtannlege Ola Didrik Næss, har eit litt anna syn på saka.
- Problema i tannhelsetenesta er eit resultat av at politikarane ikkje har prioritert dette gjennom fleire år, seier han.