Melder kyrkjebygging til politiet
Komiteen for gjenoppføring av Østre Porsgrunn kirke har meldt bygginga av den nye kyrkja til politiet. Dei meiner bygginga øydelegg kulturminne og at den bryt med reguleringsplanen. Kyrkjesjef Johannes Sørhaug seier dei har halde seg innanfor løyva som er gitt.