Hopp til innhold

Gir gass på oppløpet

På regionale rovviltnemnda gir gass på oppløpet, og opnar for meir gaupejakt i deler av Vest-Telemark.

Skutt gaupe

Den regionale rovviltnemnda utvidar jakta i eit forsøk på å fylle kvoten.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

Den fastsette kvoten i Kviteseid, Vinje og Tokke er alt fylt, men ei veke før jakta er slutt, får jegerar i området høve til å skyte inntil to dyr i tillegg til fire gauper som alt er skotne.

Framleis mykje gaupe

– Det er gode grunnar til avgjersla, seier leiar i nemnda, Jørund A. Ruud (Ap)

Jørund Ruud.

Jørund A. Ruud ynskjer å ta ut heile jaktkvoten.

Foto: Gisle Espeland / NRK

– For det fyrste er jakta snart slutt, og det hastar med å ta ut dei siste dyra. Dessutan er det truleg meir gaupe i området enn styresmaktene ynskjer. Då høver det å ta ut dyr i ein region der småfehaldet står sterkt.

Sidan jakta tok til den 1. februar er det skote 28 dyr i området som omfattar Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder. Kvoten er på inntil 30 dyr.

Les også:

Jakt i tre område

Avgjersla om å opne jakta i Kviteseid, Tokke og Vinje tyder at det no er høve til å jakta gaupe i tre område.

I tillegg til dei tre kommunane gjeld det Fyresdal og Nissedal med tilgrensande område i Aust-Agder, og eit område i Buskerud.

Kvotejakta etter gaupe varer ut mars.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark