Hopp til innhold

Gaupejakt blir meldt til politiet

Statens naturoppsyn meiner det kan ha skjedd ulovleg jakt etter familiegrupper i Tinn i dei første dagane av gaupejakta.

Gaupe med unger

Det er ikkje lov å jakte etter familiegrupper av gaupe før 15. desember. (Arkivfoto)

Foto: Forsberg, Espen / SCANPIX

Den regionale rovviltnemnda har før årets gaupejakt bestemt at det ikkje skal jaktast på familiegrupper av gaupe før den 15. februar.

Det blei det felt tre årsungar og ei hogaupe dei første dagane av gaupejakta i Tinn.

Og SNO har varsla at dei vil melde ein eller fleire jegerar til politiet for det SNO meiner er ulovleg gaupejakt.

Gaupejakta blir etterforska

Espen Marker

Espen Marker i Statens Naturoppsyn.

Foto: Jonas Rydén / NRK

Rapporten er laga om gaupejakta i Tinn er ikkje offentleg, og Espen Marker i SNO seier at årsaka er at den vil bli ein del av etterforskinga til politiet.

Han seier at Statens Naturoppsyn vil melde gaupejakta til politiet.

– Vi har mistanke om at gaupejakta i Tinn ikkje har gått føre seg etter dei vilkåra som den regionale rovviltnemnda har bestem, seier Marker.

I strid med vedtak

Leiar i den regionale rovviltnemnda, Jørund A. Ruud, seier at dersom jakta er ulovleg, så er dette beklageleg.

Jørund A. Ruud.

Leiar i den regionale rovviltnemnda, Jørund A. Ruud.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

– Men ingen er skuldig før det er ført bevis for det, og det er felt ein dom, understrekar Ruud.

I så fall meiner han det er stikk i strid med vedtaket den regionale rovviltnemnda har gjort, om at det ikkje skal bli jakta på familiegrupper dei første fjorten dagane av jakta.

– Viss det er jakta etter familiegrupper i Tinn, så har dei med kunnskap og vilje sett seg ut over vedtak i rovviltnemnda. Og det er leit, for det går ut over heile jegermiljøet, seier Ruud.

Han meiner det er alvorleg at det blir jakta etter ei familiegruppe, og at dette er eit dyreetisk spørsmål.

– Det er ikkje hyggeleg å skyte ei mor vekk frå ungane sine, og det er ikkje så veldig greitt å skyte ungar heller, seier Ruud.