Hopp til innhold

Mange bøter for høg fart

Her kan du lese UP sin statistikk for 2014. Mange har fått bøter for høg fart i Telemark og Vestfold i fjor.

UP har kontroll

Utrykkingspolitiet har gjennomført mange kontrollar på norske vegar i 2014. I år vil det bli større fokus på rus.

Foto: www.nordsveenfoto.no

Distriktsleiar for Utrykkingspolitiet i Telemark, Andreas Rødø fortel at det er gitt over 12.000 bøter for blant anna høg fart i Telemark og Vestfold i 2014.

Det er også mange som har fått bøter for ulovleg bruk av mobiltelefon i bil, og manglande bruk av bilbelte.

Les også: UP: - 110 km/t holder for bilistene

Vil ha fokus på rus

Andreas Rødø

Distriktsleiar i UP for Telemark og Vestfold, Andreas Rødø.

Foto: Thomas Blekeli / NRK

Men UP ser svært alvorleg på at så mange køyrer i rusa tilstand, og vil ha eit ekstra stort fokus på det i 2015.

Distriktsleiar i utrykkingspolitiet, Andreas Rødø, seier det skremmande at så mange køyrer i rus.

– Vi vil prioritere dette sterkare i 2015, fordi vi veit at ruskøyring er veldig farleg. Kvar femte dødsulykke langs vegen kan knytast til rus på ein eller annan måte, seier Rødø.

Les også: Reagerer på bussjåførenes mobilbruk

Ulovleg åtferd i trafikken

Utrykkingspolitiet har også tatt mange tusen bilførarar på grunn av ulovleg åtferd i trafikken.

– Dei fleste er stoppa på grunn av ulovleg bruk av mobiltelefon i bilen. Og for å ha køyrt på raudt lys eller dei har halde for liten avstand til bilen framfor, seier Rødø.

Over to tusen har fått bøter for manglande bruk av bilbelte. Men også for manglande bruk av hjelm og for å ikkje sikre barn i bilen.

Dei fleste som har mista førarkortet i 2014 har gjort det på grunn av for høg fart.