Hopp til innhold

KrF vil ikkje velje side no

Kristeleg Folkeparti vil vente til etter valet med å avgjere kven partiet skal søke samarbeid med i det nye fylkestinget. Det seier listetopp Hans Edvard Askjer. I dag samarbeider Telemark KrF med partia til venstre, mens Vestfold KrF samarbeider med høgresida. I det nye fylket vil KrF samarbeide der partiet får posisjonar og gjennomslag for eigen politikk, seier Askjer.

Hans Edvard Askjer
Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK