NRK Meny

Krev fritak for parkeringskjellar

Telemark fylkeskommune ber teknisk utval i Skien om å gå bort frå kravet om parkeringskjellar under den nye vidaregåande skolen på Klosterøya. I eit notat til kommunen som er sendt i dag skriv fylkeskommunen at det ikkje er teknisk mogleg å få til ein parkeringskjellar. Teknisk hovudutval i Skien skal behandle dispensasjonssøknaden tysdag.

  • Vogntog pålagt å fjerne snø

    Politiet har pålagt føraren i eit vogntog å fjerne snø og is frå taket. Vogntoget blei stogga i Bamble i ettermiddag.

  • Perlen ute av drift

    Kragerø Fjordbåtselskap sin snøggbåt «Perlen» er ute av drift. Årsaka er motorhavari, skriv Kragerø Blad/Vestmar. Fjordbåtselskapet leiger inn taxibåt i den tida «Perlen» er ute av drift.

    Hurtigbåten Perlen
    Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK
  • Erstatningskrav etter straumbrot

    Skagerak Energi reknar med å få ei rekke erstatningskrav etter straumbrota denne veka. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Folk som har vore straumlause i tolv timar eller meir har krav om minst 600 kroner. På det meste har fleire tusen husstandar i Grenland vore utan straum.

  • Alle får straum i dag

    Skagerak Energi reknar med å rette alle kjende feil i løpet av dagen. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Omnes tek atterhald om at det kan vere feil i hus eller hytter som nettselskapet ikkje er kjent med.

    Thor Bjørn Omnes.
    Foto: Anne Lognvik / NRK