SE OGSÅ: |
ALT OM: |
No vil landbruksforumet at politikarane i Tinn skal legge press på Opplysningsvesenets Fond slik at garden ikkje blir ståande tom.
Ingen kyr eller kalvar beiter på Tinn prestegard.
I dag er det fritt for kyr og sauer på prestegarden i Tinn. Den siste forpaktaren flytta frå garden i desember i fjor, og det er bare i den avskilde prestebustaden det bur folk.
Heile eigedomen er på vel 15 000 dekar, med eigen mjølkekvote, store skogareal og fjellområde med dei setrane som høyrer til.
Krev sal av prestegarden
No krev Tinn Landbruksforum at det attraktive gardsbruket blir lagt ut for for sal så snart som mogleg til personar som ønskjer å drive og bu på garden.
I eit brev til formannskapet blir Opplysningsvesenets Fond, som eig gardsbruket, kritisert for å trenere salet.
Landbrukssjef Dagfinn Jaren seier det er svært uheldig at det ikkje uheldig at det ikkje er drift på garden.
- Kommunen ventar at det skjer noko snart fordi dette er eit gardsbruk som ligg klart for mjølkeproduksjon, seier Jaren.
Han meiner det er svært skadeleg for eigedomen med tanke på forfall av bygningar og jord dersom det ikkje skjer noko ganske snart.
Vil behalde prestegarden
Opplysningsvesenets Fond ønskjer i utgangspunktet å behalde både garden og skogen, men det har landbruksstyresmaktene sagt nei til.
Underdirektør i Opplysningsvesenet, Terje Skaug, seier gardsdrifta vil bli halde oppe, og at dei skal avgjere kva som skal skje med prestegarden i år.
- Det er klart at vi skal sørge for at jordbruksarealene er i drift og at bygningane blir vedlikehalde, seier Skaug.