Krangel om NAV kontor

Ein krangel om Nav-kontora set samhaldet i Vest-Telemark på prøve. Ordførar Halvor Homme i Nissedal seier at det blir vanskeleg for dei andre kommunane å samarbeide med Seljord dersom kommunen flytter Nav-kontoret til Bø. I kveld skal Seljord kommunestyre velje mellom Bø og eit felles kontor i Vest-Telemark lokalisert til Tokke.

Halvor Homme, ordførar i Nissedal
Foto: Robert Hansen / NRK