NRK kjøpte brukte laptopar – dette fann me

Seljarane trudde dei hadde sletta innhaldet på harddiskane. Likevel fann me tusenvis av private bilete og sensitiv informasjon.

Slettede bilder er ikke borte

HARDDISK: NRK fann tusenvis av filer på laptopane. Merk at bileta over berre er illustrasjonar.

Det er nesten 6000 datamaskiner til sals på Finn.no. NRK kjøpte tre maskiner for å sjå kva me kunne finne på dei.

Det me fann var oppsiktsvekkjande:

  • Tusenvis av private bilete
  • Sensitiv personinfo
  • Konfidensielle dokument

– Dette er nok eit eksempel på at folk er naive når det kjem til teknologi, seier den etiske hackaren Ludwig Sandell.

Mange trur at ei enkel formatering er nok, til å få bilete og dokument, til å forsvinne frå harddisken. Men det er skremmande enkelt å finne dei fram igjen.

Med utstyr og programvare til nokre hundrelappar brukte NRK berre nokre dagar på å rekonstruere harddiskane.

Totalt fann me over 350 000 filer.

Intime bilete

Maskinene blei kjøpt av tilfeldige privatpersonar på internett. Den dyraste maskina me kjøpte kosta omkring 1800 kroner.

Totalt fann me omkring 60 000 bilete. Under kan du sjå eit eksempel. Av omsyn til dei me har kjøpt maskinene av, er bilete illustrert.

Illustrasjon - fødestue

FØDESTUA: Bilete av nyfødd baby som blir vege. Illustrasjonen er teikna etter det originale bilete.


Du finn fleire illustrasjonar av bilete me har funne, lenger ned i artikkelen.

Risikerer å bli pressa

Mia Landsem spesialiserer seg på å spore opp folk som spreier nakenbilete av andre på internett. Blant anna hjelpte ho handballstjerna Nora Mørk, som fekk intime bilete spreidd på nettet.

Fleire som kontaktar Landsem opplever at bilete frå gamle datamaskiner og mobiltelefonar hamnar i feil hender.

– Om datakriminelle finn kompromitterande bilete av deg, så vil dei nytte dette materialet til å presse deg for fleire bilete. Viss du nektar, truar dei med å sende bileta til foreldre, besteforeldre og vener, seier Landsem.

Mia Landsem

DETEKTIV: Mia Landsem sporar opp datakriminelle, som spreier nakenbilete på internett. Ho har vunne pris for arbeidet sitt.

Foto: NRK

Sensitiv informasjon

Den etiske hackaren Ludwig Sandell veit at det finst folk som systematisk kjøper datamaskiner frå unge kvinner, i håp om å finne bilete på harddiskane.

I tillegg har han sett eksempel på datakriminelle som bevisst søker etter datamaskiner, som har vore eigd og brukt av folk i posisjon.

På maskinane som NRK kjøpte, blei det funne tusenvis av dokument. Fleire av dokumenta inneheld sensitiv informasjon.

Personnummer, arbeidsforhold og helsehistorikk ligg lett tilgjengeleg i dei ulike filene.

– Norske personnummer kan blant anna nyttast til å opprette abonnement, og i nokre tilfelle ta opp lån og skaffe kredittkort, seier Sandell.

Ludwig Sandell - etisk hacker i Dignatio

ETISK HACKAR: Ludwig Sandell jobbar som etisk hackar i dataselskapet Dignatio. Det vil seie at han hjelper bedrifter å finne feil i tryggleikssystema sine, for så å rette dei opp.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Held ikkje å slette

Viss du skal vere 100 prosent sikker på at filene dine ikkje kjem i feil hender, så bør du ikkje selje datamaskina med harddisk. Ifølgje Sandell er det betre å plukke den ut, slik at du har kontroll på filene.

Skal du likevel selje maskina med harddisk, tilrår han folk å nytte seg av programvare, som kan slette disken skikkeleg. Det er også mogleg å kontakte eit profesjonelt firma, som kan slette disken for deg.

Det å fysisk øydelegge harddisken er ikkje så effektivt som ein skulle tru.

– Det finst profesjonelle firma i Noreg som har henta ut filer frå ein harddisk som er skoten med hagle, seier Sandell.

Under arbeidet med denne saka har NRK handtert materialet på ein varsam måte. Harddiskane er nå destruert.

Illustrasjon - BH
Her er nokre eksempel på bilete me fann på dei sletta harddiskane. Illustrasjonane er teikna etter bileta.