Hopp til innhold

Vart nekta kongegåve – fekk lage kopi

I desse dagar blir eit unikt arbeid avslutta ved Heddal Stavkyrkje i Notodden. Dyktige treskjerarar gjer sitt beste for å rekonstruere eit kyrkjemøbel frå mellomalderen.

Jon Anders Fløistad er en av treskjærerne som arbeider med å rekonstruere klokkarpulten.

Jon Anders Fløistad er ein av treskjerarane som arbeider med å rekonstruere klokkarpulten frå 1200-talet. Her med eit bilete av originalen som i dag står stilt ut hjå Norsk Folkemuseum.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES

På tunet framfor Heddal Stavkyrkje kan ein høyre taktfaste hammarslag. Det ryk og gløder frå kolet i ei esse. Konsentrerte auge følgjer bladet på ein skarp kniv.

– Me gjer alt på gamlemåten. Her er ingen elektrisitet eller moderne verktøy, fortel treskjerar Jon Anders Fløistad.

Dei prøver å vere så tru mot originalen som dei berre kan.

– Målet er å rekonstruere dei same spora frå verktøyet som originalen har. Det finst ingen tilsvarande møblar i Noreg eller nokon andre stader, forklarar han.

Smed foran Heddal Stavkyrkje

Ein smed formar to beslag som skal festast på klokkarpulten.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES

Kongen på samleturné

Kyrkjemøbelet dei jobbar med blir kalla for ein klokkarpult. Klokkarpulten var ein talarstol i den katolske mellomalderkyrkja. Den skil seg ut grunna ei rik og detaljert treskjering.

Opphavleg stod den i Heddal Stavkyrkje saman med to andre møbel. I 1882 kom Kong Oscar II på besøk.

Han var på rundreise i Noreg for å samle inn gamle bygg og antikvitetar. Den gongen var Heddal Stavkyrkje i privat eige.

 Ole Olsen Sætre-Haave og Kong Oscar II

Ole Olsen Sætre-Haave gav bort klokkarpulten og brugdebenken til Kong Oscar II. Kongen gav så gjenstandane vidare til Norsk Folkemuseum.

Foto: Norsk Folkemuseum

– Her møtte han storbonde Ole Olsen Sætre-Haave. Storbonden ville gjerne gje kongen noko ekstra flott. Han gav mellom anna vekk klokkarpulten og ein kyrkjebenk kalla Brugdebenken, fortel Halvor Sem, prosjektleiar i Heddal Stavkyrkjeforum.

Kong Oscar II gav seinare samlinga si vidare til Norsk Folkemuseum under ein føresetnad.

– At gjenstandane ikkje måtte bli gitt vidare til ein tredjepart. Og difor får ikkje Heddal kyrkjelyd møbla attende, fortel Sem.

Har nasjonal verdi

Eldsjeler i Heddal har fleire gonger spurt museet om å få møblane til stavkyrkja der dei høyrer heime. Men dei har fått avslag kvar einaste gong.

Inger Jensen, norsk folkemuseum

Inger Jensen, avdelingsleiar Norsk Folkemuseum

Foto: Norsk Folkemuseum

– Eg skjønar godt kvifor dei ønskjer møblane attende. Grunngjevinga for at dei vart verande i Oslo er at dei er av høg kulturhistorisk og nasjonal verdi, seier Inger Jensen, avdelingsdirektør i Norsk Folkemuseum.

Originalane av brugdebenken og klokkarpulten er to av dei eldste objekta i samlinga til museet.

– Dei har vore med og forma den norske kulturen, forklarar ho vidare.

Då det siste avslaget var eit faktum i 2015 bestemte prosjektgruppa seg for å søkje om å lage kopiar.

Dei fekk løyve frå Norsk Folkemuseum, Riksantikvaren og biskopen i Agder.

– Men rekonstruksjonen måtte utførast prosessuelt – på gamlemåten, slik dei jobba for 800 år sidan, smiler Halvor Sem.

Spesiell symbolikk

I fjor stod kopien av brugdebenken ferdig. I år er det klokkarpulten som står for tur. Saman med bispestolen, som framleis står i stavkyrkja, fortel dei tre møblane ei spesiell historie.

Brugdebenk, heddal stavkyrkje

Slik ser rekonstruksjonen av brugdebenken ut. Dette kyrkjemøbelet var ferdigstilt i fjor sommar.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES

– Treskjeringa fortel historia om Sigurd Fåvnesbane, betre kjend som Sigurd Drakedrepar, og Brynhild Skjoldmøy. Dette er ei segn som stammar frå jernalderen. Ho var populært i vikingtida og tidleg mellomalder, fortel illustratør Anders Kvåle Rue som har teikna skissene til rekonstruksjonen.

Kvåle Rue har mykje kunnskap frå denne tida. Han forklarar at klokkarpulten syner den avgjerande augeblinken der Sigurd stikk sverdet inn i draken Fåvne. Og bak drakedreparen står ei løve.

Sigurd Fåvnesbane, Sigurd Drakedreper

Treskjeringane fortel historia om Sigurd Drakedrepar.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES

– I stavkyrkja symboliserer løva Kristus. Denne historia vart nytta til å byggje bru mellom kristen og førkristen tid, fortel illustratøren.

Løva og draken i kamp er ein illustrasjon på det godes kamp mot det vonde.

– Og det er eit fantastisk døme på religionshistoria i Noreg, seier Kvåle Rue.

Hentar inspirasjon i stavkyrkja

Den originale klokkarpulten har blitt endra fleire gonger gjennom tidene. Kopien som skal stå i koret i Heddal Stavkyrkje skil seg ut.

– Originalen er gjort smalare på et tidspunkt, og hovuda til draken og løva er hogne av, seier treskjerar Jon Anders Fløistad.

Jon Anders Fløistad og Lara Domeneghetti, treskjærere

Lara Domeneghetti og Jon Anders Fløistad jobbar med reiskapar slik det vart gjort i mellomalderen.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES

Treskjerarane ønskjer å rekonstruere klokkarpulten slik dei meiner han kan ha sett ut då han vart laga for hundrevis av år sidan.

– Me prøver å gjere arbeidet slik det ville blitt gjort i mellomalderen. For å kome nærast mogeleg det originale uttrykket hentar me inspirasjon frå treskjeringane på stavkyrkja, seier han.

Kostnad: Ein halv million

Ein viktig del av prosjektet er formidling. Difor står handverkarane ute og arbeider slik at besøkjande kan kome og sjå prosessen.

Prosjektet med å rekonstruere dei to kyrkjemøblane har ein kostnad på over 500.000 kroner.

Anders Kvåle Rue og Halvor Sem

Anders Kvåle Rue (t.v.) og Halvor Sem er nøgde med å få laga kopiar av dei unike kyrkjemøblane.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES

– Me har fått støtte frå mellom anna Norsk kulturråd, Telemark Fylkeskommune og private givarar, fortel Knut Brokhaug i prosjektgruppa.

Prosjektleiar Halvor Sem er av dei som har jobba hardt for å for å få dei unike møblane attende.

– Dette arbeidet gjev Heddal stavkyrkje eit løft. No kan me endeleg presentere ein heilskap i kyrkjerommet, smiler han.