Hopp til innhold

Fleire kommunar vil stå åleine

Kommunereforma ramlar saman i Telemark. Fleire kommunar varslar nå at dei ønskjer å fortsette åleine.

Fem kommuner i Telemark

I Vinje seier Senterpartiet at dei vil ha Vinje kommune som eigen kommune og vil avlyse dei planlagde samtalene om å slå Vinje saman med nabokommunen Tokke.

Kommunestyret i Vinje skal ta stilling til forslaget i november.

Tidlegare i år blei det også brot i forhandlingane mellom Tinn, Hjartdal og Notodden om ein Aust-Telemark-kommune.

Per Dehli hos Fylkesmannen

Per Dehli hos Fylkesmannen i Telemark.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I tillegg har fleire kommunar i Grenlandssamarbeidet sagt at dei ikkje ser for seg ei kommunesamanslåing.

Per Dehli koordinerer prosessane med kommunesamanslåing i kommunane i Telemark for Fylkesmannen meiner likevel ikkje at kommunereforma er mislykka.

– Det er fleire kommunar som held fram med å forhandle med naboen for å kunne kome med ein konklusjon innan 1. juli 2016, seier Dehli.

Ventar på vedtak neste år

Han innrømmer likevel at det er forskjellige meiningar om kommunereforma, men retninga ligg fast, slik Stortinget har bestemt.

– Vi arbeider vidare, og så får vi halde oss til dei vedtaka som kjem innan 1. juli.

Dehli fortel at Grenlandskommunane ventar på ei utgreiing, som skal til politisk behandling før det blir avgjort om dei skal gå vidare med forhandlingar.

– I Vest-Telemark er det framleis tre kommunar som framleis snakkar saman. Det er Kviteseid, Seljord og Nissedal. Så det er arbeid på gang.

Han vil vent på vedtaka som blir gjort til våren og sommaren neste år før det blir klart ein konklusjon om dei lokale prosessane.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark