Hopp til innhold

Kollisjon med lastebil ved flyplassen

Ein person kjørt til sjukehus etter kollisjon på riksveg 36 ved flyplassen i Skien.

skien lufthavn

Politiet melder at det er ein lastebil som har kollidert med ein personbil på riksveg 36 like etter undergangen ved flyplassen.

Ei kvinne er kjørt til sjukehus i ambulanse. Men det er førebels ikkje klart kor hardt skada kvinna er.

– Lastebilen har kjørt på ein personbil bakfrå og skyvd den inn i ein annan bil, seier operasjonsleiar Jan Olaf Jansen ved Telemark politidistrikt.

Førarkortet til 54-åringen frå Drammen som kjørte lastebilen er beslaglagt.