Hopp til innhold

Kan bli tvinga til å ta imot fleire flyktningar

Norske kommunar kan bli tvinga til å ta imot fleire flyktningar. Den friviljuge busetjinga går alt for seint.

Rådmann Knut Wille i Skien

Rådmann Knut Wille i Skien, som er representant for rådmennene i det statlege busetjingsutvalet, seier kommunar må belage seg på tvang.

Foto: NRK

KS-leiaren er provosert

KS-leiaren er provosert.

Foto: NRK

– Eit utval foreslår at fylkesmennene får ein kvote i kvart fylke i Noreg, og at fylkesmennene bestemmer kor mange som skal flyttast til kvar enkel kommune.

Det seier rådmann Knut Wille i Skien kommune. Han er representant for rådmennene i det statlege busetjingsutvalet.

Wille meiner det er uheldig med statleg pålegg, men forstår at det kjem viss ikkje kommunane tek imot fleire flyktningar.

Les også:

Pisk eller gulrot

– Viss dei no vurderer å bruke pisk, bruke tvang, så reagerer eg kraftig på det, seier leiar i KS, Gunn-Marit Helgesen.

KS er interesseorganisasjonen for kommunane her i landet. For ein god månad sidan skreiv Helgesen under på ei forpliktande avtale med staten om at kommunane skal ta imot, og busetje fleire flyktningar.

– Men føresetnaden var at det skulle vera friviljug, legg Helgesen til.

2000 av 8000 er busette så langt i år

Integrasjon og mangfaldsdirektoratet (IMDI), har så langt i år fått positivt svar frå kommunar om å busetje godt 2000 flyktningar, mens IMDI har bede om at dei same kommunane skal busetje 8000 i år, og endå fleire neste år.

Blant anna sit det 4500 flyktningar i norske mottak som ventar på å få ein heimekommune der dei kan slå seg til ro.

Rådmann Wille seier at Skien har reservert seg i år, og kan ikkje ta imot så mange som IMDI har bede om.

– Vi opplever at mange av flyktningane er meir krevjande å busetje no. Det tek lenger tid enn det staten har føresett, og det kostar meir for kommunane. Det er noko av grunnen til at mange kommunar kvir seg, forklarer Wille.

– Vi er nøydd til å dele ansvaret

Rådmannen i Skien, som altså er talsmann for rådmennene i heile landet, seier at alle kommunane må ta sin del av ansvaret.

– Hadde vi fått same fordelinga mellom dei større kommunane, så hadde ikkje dette vore noko problem, seier Wille.

Han meiner at mange av dei større kommunane tek imot langt færre enn til dømes Skien.

Tilskot til bustadbygging

For å få fart på busetjing av flyktningar, gjekk staten nyleg ut og lova auka tilskot til bustadbygging.

– Eg hadde håpa at det skulle hjelpe til å få fart på busetjinga, seier Helgesen. Ho legg til at det er klart at det er mange ting som spelar inn. Mangel på bustader er eit problem, det same er mangel på språktrening- og arbeidstreningsplassar.

I tillegg er det uklart kor mykje det er snakk om i bustadtilskot, meiner Wille. Det får vi truleg fyrst vite gjennom statsbudsjettet til hausten.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark