Hopp til innhold

Kallar skulens nettundervisning for galskap

SKIEN/OSLO (NRK): Mor og professor Anne-Britt Gran meiner at undervisninga i digital kompetanse er for dårleg og uklar i norsk skule. Ho etterlyser meir kritiske haldningar til selskap som Google og Facebook.

Anne-Britt Gran

MÅ LÆRE MEIR OM PERSONVERN: Anne-Britt Gran, professor i kulturforståelse og kulturpolitikk ved Handelshøyskolen BI, meiner skulen bør lære elevane å blokkere annonsar og å bruke andre søkemotorar enn google.

Foto: BIs arkiv

– Det verkar som om lærarane trur at google er eit leksikon, og at elevane ikkje lærer at det òg er ein annonseteneste der ein får opp skreddarsydd reklame.

Anne-Britt Gran er mor til ei jente som går i sjuande klasse, og har sitte i FAU i seks år. Ho har stilt spørsmål om den digitale opplæringa, men opplever at sjølv unge lærarar ikkje veit nok.

– Da dotter mitt gjekk i fjerde, fekk dei ofte «google-lekser». Eg spurte om dei hadde lært kva google var, men da vart det tomt i blikket. Læraren meinte dei hadde nok med å lære å skrive inn eit passord på skulens pc.

Gran understrekar at ho ikkje er motstandar av digitalisering, men meiner at ein digitaliserer for mykje på for tynt grunnlag, og at dette må inn i lærarutdanninga.

Laster Twitter-innhold

Veit ikkje kva personvern er

Elevar i tiande klasse på Menstad ungdomsskule i Skien brukar berbar data i kvar time, og bruker google kvar gong dei søkjer på noko.

Dei har lært korleis dei skal oppføre seg mot andre på nettet, men mindre om korleis dei skal beskytte seg sjølve. Personvern er eit ukjent ord.

– Eg veit ikkje heilt kva personvern er. Vi har lært om nettmobbing og at du ikkje skal leggje ut bilde av andre utan lov, seier Mathias Johnsen.

Torjus Svalbjørg

FÅR MÅLRETTA REKLAME: – Eg har søkt på noko, også kjem det reklame neste gong eg ser ein video. Men eg visste ikkje at det hadde noko med kvarandre å gjera, seier Torjus Svalbjørg ved Menstad ungdomsskole.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Skulen ligg langt etter

Torgeir Waterhouse er direktør i IKT Norge, og ein representant for IT-bransjen. Han meiner det står att mykje før undervisninga i skulen er bra nok.

Torgeir Waterhouse

GOOGLE ER NATURLEG I SKULEN: Ein kan ikkje unngå google, men ein må vera bevisst på det verktøyet ein har teke i bruk, seier Torgeir Waterhouse i IKT Norge.

Foto: Pressefoto / IKT Norge

– Vi skal ha stor forståing for at det finst gode grunnar til at vi ikkje er kome lenger enn vi er. Men vi har ein lang veg å gå.

Waterhouse er ikkje skeptisk til kommersielle aktørar på nettet slik Gran er. Han peiker på at også lærebøker og forlag er kommersielle.

– Poenget er at barn i Noreg treng å lære korleis internett fungerer, slik at dei er best mogleg skikka til å ta gode val for seg sjølve.

Vil ikkje detaljstyre

Hanna Atic, politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet, seier at regjeringa har gjort digital kompetanse til eit satsingsområde, men dei vil ikkje gå inn og detaljstyre kva lærarane skal lære bort.

Hannah Atic

GOOGLE ER EIT NYTTIG VERKTØY: Det er ikkje så viktig om verktøya lærarane brukar kjem frå kommersielle selskap eller ikkje, seier Hannah Atic i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Willy Hage / NRK

–Læreplanane i norsk skule legg ingen føringar for kva verktøy eller kva metode lærarane skal bruke, og det er heller ikkje noko regjeringa ynskjer.

Atic seier at norske elevar generelt har gode digitale ferdigheiter, men at for mange ikkje kan nok.

– Vi har lagt fram ein digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa som nettopp peiker på at elevane skal ha så gode digitale ferdigheiter at dei lukkast i utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking.