Hopp til innhold

Ingen tok kontakt med Estifen

I eitt år har 26 år gamle Estifen Gjebtedjedus frå Eritrea budd i Norge. I løpet av denne tida har ingen nordmenn tatt kontakt med flyktningen. Heilt til for eit par dagar sidan.

Ingen tok kontakt med flyktning på ett år.

Estifen Gjebtedjedus frå Eritrea sat åleine ved kafebordet før Jens Marius Hammer tok kontakt som den først.

Då trefte han Jens Marius Hammer, redaktøren i Telen, og det blei eit heilt spesielt møte.

– Vi har ein spesiell situasjon på Notodden no, for det kjem stadig nye landsmenn hit av ulike årsaker.

Var full av tankar

Jens Marius Hammer, Telen

Jens Marius Hammer, redaktør i Telen.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Hammer fortel at han sat på ein kafe og såg at Estifen sat åleine, og det var ingen som tok kontakt med han.

– Eg såg han var ganske full av tankar.

Så Hammer gjekk bort og spurte om han fekk lov å sitte hos han, og det blei faktisk kontaktpunktet.

– Då eg såg kor fornøgd han blei, så tykte eg det var ei flott oppleving. Men det gjorde meg også litt tankefull om det å gje einsame menneske ei lita handsrekning. For det kostar ingenting.

Blei veldig glad

Det viste seg at Estifen Gjebtedjedus frå Eritrea ikkje hadde noko nettverk eller venner på Notodden.

Han har budd på mottak i Oslo og Mo i Rana før han kom til Notodden der han fekk starte med norskopplæring.

– Eg blei veldig glad då Jens Marius kom bort til meg.

Estifen Gjebtedjedus veit ikkje kvifor han ikkje har fått kontakt med nordmenn tidlegare, men møtet med Jens Marius Hammer har blitt ein døropnar for han.