NRK Meny

Ingen sokneprest i Lunde

Etter andre gongs utlysing er det framleis ingen søkarar til den ledige stillinga som sokneprest i Lunde og Flåbygd i Nome kommune. Søknadsfristen gjekkut 12. mai, skriv TA. Biskop Stein Reinertsen løyste sokneprest Rune Lia frå stillinga på nyåret. Mange reagerte og ville ha Lia tilbake og det er samla inn 740 underskrifter.