Hopp til innhold

Hoksrud fjernar den første bommen

– Det er veldig godt å vite at det er fullt mogleg å få det til. Og dette hadde ikkje vore mogleg utan Frp i regjering, seier Bård Hoksrud, statssekretær i Samferdsledepartementet.

Bård Hoksrud

Statssekretæt i Samferdsledepartementet, Bård Hoksrud, seier at regjeringa vil finansiere Seljord - Åmot på E 134 utan bompengar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Høgre-Frp regjeringa vil fjerne den automatiske bompengeinnkrevinga på grensa mellom Seljord og Kviteseid. Bård Hoksrud meiner dette betyr at bilistane som kjører på E 134 blir spart for ein halv milliard kroner i bompengar.

– Det er vi veldig glad for, seier Hoksrud.

I avtalen mellom Framstegspartiet og Høgre er desse partia blitt einige om at staten skal fullfinansiere vegprosjekt der renter og innkrevingskostnader blir svært høge i forhold til kva det kostar å bygge vegen.

Raudgrøne foreslo bompengar

Strekninga Seljord - Åmot er kostnadsrekna til 315 millionar kroner. I forslaget som passerte statsråd den 20. september skal staten bidra med 31 millionar kroner, medan 284 millionar kroner skal finansierast med bompengar.

Det er lagt opp til å utbetre 9,4 kilometer i eksisterande trase mellom Seljord og Åmot, fordelt på fire strekningar. Seljord-Ordal med 5,3 kilometer, Libergbakkane med 0,7 kilometer, Rudsbergbakkane med 1,2 kilometer og Raudå bru-Åmot med 2,2 kilometer.

Heile utbygginga er skal etter planen står ferdig i 2018.

Det er bompengeselskapet E134 og Rv36 Telemark AS som skulle stå for innkrevinga av bompengane, og planen var å sette opp ein automatisk bomstasjon på E 134 mellom Seljord og Kviteseid.

Dyre innkrevingskostnader

Bård Hoksrud seier at i tillegg så var planen å kreve inn 175 millionar kroner i finansieringskostnader og 45 millionar kroner i innkrevingskostnader.

– Vegprosjektet kjem difor på over 500 millionar kroner til saman, seier Hoksrud.

Han meiner det viser at alt for mykje bompengar går til renter og innkreving av bompengar. Og til saman blir det nesten like mykje som heile vegprosjektet kostar.

– Det er dumt å kaste så mykje pengar ut av vindauge, og få så lite igjen. Difor vil regjeringa fjerne bomfinansieringa og legge inn full statleg finansiering, seier Hoksrud.

Vil ikkje love meir

Statssekretæren i Samferdsledepartement vil ikkje forskottere om den blå regjeringa kjem til å fjerne fleire bompengeprosjekt med det første.

– Vi må behandle kvart prosjekt for seg. Og Frp har ikkje reint fleirtal, seier Hoksrud.

Han meiner likevel at Frp har fått til ei god regjeringsplattform saman med Høgre for å kunne redusere finansieringa av vegprosjekt med bompengar.

Og dette er første døme på at vi gjer det, seier Hoksrud.

Men han kan ikkje love at bompengar blir fjerna i nye vegprosjekt i framtida, fordi det er mange store vegprosjekt som kjem til Stortinget.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark