Hopp til innhold

– Eg var homofil, det beste for alle var om eg blei borte

– Eg var ein klamp om foten for min familie og mine venner, seier Odin Adelsten Bohmann. Berre flaks gjorde at han vart stoppa i forsøket på å ta sitt eige liv.

Odin ville ta sitt eget liv

Odin Adelsten Bohmann vil byggje ned tabuer og få folk til å innsjå at livet kan bli godt sjølv om bølgjedalane av og til er djupe.

Som 17-åring var Odin Adelsten Bohmann utanfrå sett ein morosam, trygg og open ung mann. Han var engasjert leiar i AUF i Telemark, med ein sterk stemme i lokalsamfunnet. Ikkje redd for å snakke i forsamlingar eller stå på ein scene, kjapp i replikken, masse venner.

Men bak den vellukka fasada var ein ung gut som slost med identiteten sin.

– Ein sentral politikar sa blant anna i ein debatt at homofili kan helbredast. Eg prøva alt for å bli såkalla "frisk" fortel Odin. Han gjekk til og med i kyrkja for å bli helbreda.

– Eg ville ikkje vera homofil, men måtte til slutt erkjenne at det var det eg var. Og eg høyrde på alle slags debattar, på politikarar som snakka om kor uheldig homofilt samliv var.

Odin Adelsten Bohmann, Ap-politiker

Høgrepolitikar Kathrine Evensen opplevde at faren, etter andre forsøk, lukkast med å ta sitt eige liv. Ein brun konvolutt var alt ho fekk av hjelp. I den låg det informasjon om kva for gravferdsbyrå det gjekk an å kontakte.

Dei er båe kjende politikarar i Skien. Båe har eit sterkt forhold til sjølvmord. Ho som pårørande, han blei nesten ein del av statistikken. Dei har kvidd seg lenge for å snakke om dette offentleg, men meiner at det er viktig å snakke om sjølvmord som er eit så stort samfunnsproblem etter kvart.

Hør den sterke historien her.

Artikkelen held fram under biletet:

Odin Adelsten Bohmann og Kathrine Evensen

Odin Adelsten Bohmann og Kathrine Evensen meiner openheit er viktig. Dei har båe to vore tett på sjølvmord, og veit kva det betyr.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Akutthjelp i den mørke tunnelen

I to år har dei markante politikarane jobba saman for å få til ei kommunal livskrisehjelp i Skien som kan trå til i akutte situasjonar. Dei veit kor stutt vegen kan vera mellom liv og død når du er i den mørke tunnelen.

Livskrisehjelpa er tenkt som ei slags utrykkingseining som trår til når livet ser som mørkast ut. Den skal også vera ei akuttstøtte for pårørande ved sjølvmord, eit lågterskeltilbod som skal vera lett å få tak i og lett å få hjelp av.

Du er alltid så blid

Ein brun konvolutt, og vonde minne var det Cathrine Evensen stod att med på utsida av sjukehuset etter at faren hadde dratt sitt siste andedrag. Inga hand å halde i, inga skulder å gråte ved. Men masse praktiske ting som skulle ordnast, familie som skulle varslast, folk som skulle ha svar.

– Folk seier til meg at: du er alltid så blid! Eg er ikkje det veit du. I to år etter dødsfallet har eg slite med å kvitte meg med bileta, koma vidare, akseptere at me ikkje klara å passe godt nok på. OG det må vera lov, seier Evensen med ettertrykk.

Ho står fram med si historie for å få andre pårørande til å skjønne at det er lov å vera lei seg, lov å be om hjelp.

– Viss me hadde hatt livskrisehjelpa då dette skjedde med vår familie, kunne eg ringt dit og fått den hjelpa eg absolutt trong.

Lytefri fasade – i alle fall utanpå

Dette er ikkje partipolitikk. Sjølv om Evensen og Adelsten Bohmann står i kvar sin politiske leir, er dei einige om at folk må få hjelp i akutte kriser. Det kan vera forskjellen på liv og død.

Heilt sidan 2012 har dei to, og resten av det politiske miljøet i Skien, arbeidd med å få til ei ordning med livskrisehjelp. Det er tverrpolitisk semje om at dette skal prioriterast. Planen er at krisehjelpa skal vera i funksjon utpå nyåret i 2015.

Rundt 400 menn og 150 kvinner tek sjølvmord her i landet kvart år. Blant unge menn er sjølvmord den vanlegaste dødsårsaka.

Mellom 4000- og 6000 menneskje her i landet gjer forsøk på å ta livet sitt kvart år. Rundt 10 % klarer det. Odin Adelsten Bohmann blei, nokså tilfeldig, stoppa i forsøket.

Dei to politikarane ynskjer å hjelpe andre ved å ha ei kommunal livskrisehjelp. Målet både å førebyggje sjølvmord og hjelpe pårørande.

Vil gjere ein forskjell

Kathrine Evensen og Odin Adelsten Bohmann står fram for dei håpar at dei kan vera med å gjere ein forskjell, gjere det lettare for folk i livskriser og be om hjelp.

Geir Arild Tønnesen

Alle skal få hjelp seier varaordførar Geir Arild Tønnesen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Alle treng ei hand å halde i i slike kriser i livet, seier Evensen. Det må vera lov å ikkje alltid vera sterk, ikkje alltid klare alt så godt.

– For meg handlar det om å byggje ned tabuer om kring sjølvmord, og om å vise at sjølv om det ser så mørkt ut at du ikkje ser nokon utveg, så kan livet snu og bli bra og suksessrikt når det går litt tid, seier Adelsten Bohmann. For 12 år sidan var alt mørkt, no er han ein trygg og glad mann som gler seg over livet.

– Det skal vera låg terskel for å få hjelp i akutte situasjonar, seier varaordførar i Skien Geir Arild Tønnesen. Han fortel at det er tverrpolitisk oppslutning rundt denne ordninga.

– Mottoet er at alle skal få hjelp, legg Tønnesen til.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark