Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Haukelivegen som nasjonal turistveg reporter Solfrid Øverbø
- Kommune: Vinje
Han seier at fleire bør engasjere seg for å få denne vegen inn på lista over nasjonale turistvegar.
- Det er ein gamal veg, den er like kvalifisert som den gamle sognefjellvegen og riksveg 7 over Hardangervidda, seier Christenson.
Den eldste vegtunnelen
Ragnvald Christenson er næringsdrivande i Haukeli. Foto: NRK
Han viser mellom anna til at Haukelifjell har den eldste vegtunnelen i Noreg ved Dyrskar. Han etterlyser eit større engasjement frå Fylkeskommunen og Vegvesenet.
- Det er berre viljen til å gjere noko med som manglar, seier Christenson.
Men det er tydelegvis ikkje nok for vegdirektør, Olav Søfteland. Han seier at det er ikkje er nokon vegar i Telemark som er kvalifisert til å bli nasjonale turistvegar.
- Vegane i Telemark ikkje har nådd opp i konkurransen med andre vegar i Noreg om å bli nasjonal turistveg, seier Søfteland.
Hard konkurranse
Vegdirektoratet har valt ut mindre enn 20 vegar som kan bli nasjonal turistveg. Søfteland seier det er hard konkurranse og mange som ønskjer at ein veg i deira distrikt skal bli nasjonal turistveg.
- Vi har gjort eit utval, og har valt ut nokre få vegar, seier Søfteland.
Søfteland trur det blir vanskeleg å utvide det nettet som finst av nasjonale turistvegar.