Hopp til innhold

Letta over å sleppe streik

Norsk Industri og Fellesforbundet er samde om ei tariffavtale, den nye avtala gir ein lønnsauke på 3,3 prosent.

Industri i Brevik er lettet over å slippe streik

Klubbleiar i Vard Brevik, Alf Kåsene var letta over at partane vart enig i lønnsoppgjeret.

Forhandlingane i frontfaga har pågått over 17 timer på overtid før det blei semje om ei ny tariffavtale.

Fra pressekonferansen i lønnsoppgjøret

Meklinga mellom Norsk Industri og Fellesforbundet fortsatte på overtid onsdag etter at fristen gjekk ut ved midnatt tysdag.

Over 400 tilsette i industrien i Telemark kunne bli tatt ut i streik. Etter det NRK har grunn til å tru handla det mest om kroner og øre på slutten av meklinga.

Lurar på kva som skjer

Alf Kåsene, Vard Brevik

Ålf Kåsene har tru på ei løysing i årets lønsoppgjer.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Erik Hørsrud i Fellesforbundet i Telemark seier dei ikkje får vite noko om det som går føre seg i meklingsmøte med riksmeklingsmannen og partane.

– Eg har aldri opplevd at ei mekling har gått så lenge på overtid, seier Hørsrud.

Han seier at det som går føre seg no i meklingsmøte er veldig hemmeleg.

– Dei tillitsvalde og medlemmene lurar på kva som skjer, seier Hørsrud.

Vard Brevik er ein av dei seks bedriftene der medlemmene i Fellesforbundet kan bli tatt ut i streik dersom partane ikkje blir einige.

Førebudd på streik

Klubbleiar Alf Kåsene seier at medlemmene saknar informasjon om kva dei eventuelt skal gå til streik for.

– Det er tilbakemeldingane eg har fått på medlemsmøte, seier Kåsene.

Men viljen til å streike er likevel på topp blant medlemmene i Fellesforbundet. Alle førebuingane er gjort klart.

Hørsrud meiner Fellesforbundet og Norsk Industri sine krav er godt kjent, men når det blir lagt lokk på forhandlingane i mekling, så kjem det ingen informasjon ut.

Riksmekler Nils Dalseide

Riksmeklar Nils Daleide vil halde pressekonferanse onsdag kveld.

Foto: Johan B. Sættem

– Det er mange krav som ligg på bordet. Og så er det nokon store krav der medlemmene lurar på kor desse står i forhandlingane. Men der veit vi like lite som dei, seier Hørsrud.

Forhandlar om kroner og øre

Etter det NRK har grunn til å tru er partane nære med å finne ei løysing i spørsmålet om tariffesta pensjon.

– Det er veldig viktig å få ei løysing på obligatorisk tenestepensjon. Og kjem ikkje dette på plass kan det bli mange streikar framover, seier Hørsrud.

Ifølgje NRK sin kjelder er det ikkje første rekkje kroner og øre det no blir forhandla om i meklinga mellom partane med riksmeklingsmannen.

– Eg har tru på ei løysing, elles hadde dei ikkje halde på så lenge, seier Kåsene.

Avklaring i kveld

Før klokka 18.30 blir det ein pressekonferanse med partane i industrimeklinga, der det blir ei avklaring om det blir streik eller ikkje.

Det opplyser riksmeklar Nils Dalseide via Fellesforbundet sin informasjonssjef Vidar Grønli til NTB.

Meklinga i frontfaga har nå pågått på overtid sidan midnatt tysdag. Klokka 17 onsdag ettermiddag var det 17 timar.

Over 11.000 industriarbeidarar går ut i streik dersom partane ikkje blir einige.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark