Hopp til innhold

Håpar å skrive kontrakt i sommar

Nye Veier håpar dei snart har valt entreprenørane for bygging av nye tunnelar og fornye Kjørholttunnelen og Bambletunnelen.

Ruth Haug

Utbyggingssjef i Nye Veier, Ruth Haug reknar med å skrive under kontrakter i slutten av juni eller tidleg i juli.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Fristen ut for å legge inn anbod på bygging av nye tunnelar på E18 og rehabiliteringa av Kjørholt- og Bambletunnelane har gått ut.

Nye Veier håper dei har valt ein entreprenør ved månadsskiftet juni og juli. Dei to tunnelane på kvar side av Grenlandsbrua blei stengt 21. april.

Grenlandsbrua, E18

Her blir det nye tunnelar og ny bru. Men førebels er det berre arbeidet i dei gamle tunnelane som er kome i gang.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Sparer tid på å rydde i tunnelane

Utbyggingssjef i Nye Veier, Ruth Haug, fortel at førebels blir det rive meir ned enn det blir bygt opp.

– Vi har mykje aktivitet i gang. Det blir førebudd for elektroarbeid, og alt av gamle kablar og styringssystem blir rive ned i tunnelane. Det er ein stor og viktig jobb.

Nye Veier er også kome i gang på Kjørholt Nord etter at riksantikvaren var ferdig med sine utgravingar på ein gamal buplass rett over tunneloverbygninga.

– Var det nødvendig å stenge tunnelane før sommaren?

– Vi sparer mykje tid på å kunne rydde tunnelane for alle elektroinstallasjonar, og vi er også kome i gang med bygging av anleggsvegar.

Håpar på skrive kontrakt i sommar

– Når blir det klart kva for entreprenørar som får oppdraget med å rehabilitere dei gamle tunnelane og bygge nye tunnelar?

– Tilboda kom inn måndag 29. mai. Så i løpet av første halv del av juni vil vi jobbe intenst med å evaluere desse. Og vi håpar å kome så langt at vi kan starte tildelinga i slutten av juni. Og skrive ein kontrakt i juni eller juli.

– Kor viktig blir tid og framdrift i kriteria når de skal vurdere entreprenør?

– Tid og framdrift har vi fokus på her, men samstundes skal vi vurdere helse, tryggleik og miljø. Men vi håpar entreprenøren kan kome i gang så fort som mogleg, sjølv om det ikkje er sikkert det vil synast så godt for ålmenta.

Før entreprenøren kan kome i gang skal dei sette opp brakker og verkstad, hente maskiner og alle dei tinga som må kome på plass før spaden blir sett i jorda.