NRK Meny
Normal

Gjelstad vil bli ordførar i Kviteseid

Arbeidarpartiet i Kviteseid går inn i forhandlingar med dei andre partia med sikte på å få ordføraren de neste fire årene. Onsdag kveld har partiet møte med Senterpartiet.

Tarjei Gjelstad, Norsk Skieventyr

Tarjei Gjelstad vil gjerne bli ny ordførar i Kviteseid. Han er no dagleg leiar ved Norsk Skieventyr i Morgedal.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vallogo

Ordførarkandidat Tarjei Gjelstad seier partiet hadde som mål å auke talet på representer, og få ordføraren.

– Arbeidarpartiet hadde ei målsetjing då vi la strategien like før jul at vi skulle få to nye representantar i kommunestyret, og det har vi klart. Den andre målsetjinga var å få ordføraren, seier Gjelstad.

Arbeidarpartiet får ni representantar

Arbeidarpartiet får ni representantar i det nye kommunestyret i Kviteseid, og blir det største partiet.

Senterpartiet som har hatt ordføraren i 12 år, går tilbake og misser to mandat i kommunestyret. Sp får 5 mandat.

Tarjei Gjelstad seier at Arbeidarpartiet er opne for å samarbeide med alle partia i Kviteseid.

– No blir det forhandlingar, og Arbeidarpartiet er opne for å samarbeide med alle parti. Det har vi sagt heile tida. Eg meiner at kviteseidingane har gjeve eit klart signal med dette valresultatet, at dei meiner Arbeidarpartiet kan ha ordføraren no.

Sp i møte med Ap

KrF i Kviteseid fekk 3 mandat, og Høgre får to mandat. Venstre misser eit mandat til Miljøpartiet De Grønne, etter at Jon Ingebretsen skifta parti frå Venstre til Miljøpartiet.

Senterpartiet, KrF og Høgre som har samarbeida dei siste fire åra. På eit medlemsmøte tysdag kveld vedtok Senterpartiet og avslutte samarbeidet med dei borgarlege partia.

– Vi har gått tilbake, og har merka slitasjen etter 12 år med ordføraren. Det har veljarane gitt tydeleg beskjed om, seier Anne Birgit Sollid i Senterpartiet.

Senterpartiet i Kviteseid skal onsdag kveld i samtaler med Arbeidarpartiet for å drøfte eit samarbeid dei neste fire åra. Sollid seier det ikkje er aktuelt å krevje ordføraren i samtalene med Arbeidarpartiet.