Hopp til innhold

George Thorogood til Notodden Bluesfestival

Notodden Blues Festival kan i dag lansere den amerikanske blues-rockaren George Thorogood & The Destroyers som sin første headliner til festivalen 2015.

George Thorogood

George Thorogood & The Destroyers kjem til Notodden Blues 2015.

Foto: Notodden Bluesfestival

Med 8000 konsertar, 15 millionar selde album og ein stabil låtkatalog med radio-hits er George Thorogood framleis «Bad To The Bone».

Festivalsjef Jostein Forsberg seier det er veldig deilig å ha fått Georg Thorogood på plass for sommaren 2015.

– Det er ein artist vi har prøvd å få til Notodden i mange år. Det har vist seg å vere heilt umogleg heilt til nå. Men det er godt at det umoglege også kan bli mogleg viss ein held på lenge nok, seier Forsberg.

Jostein Forsberg

Festivalsjef Jostein Forsberg.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han fortel at etterspørselen etter Thorogood har vore enorm, og den har berre økt i styrke. Mange har spurt Forsberg om han ikkje snart kjem til Notodden.

– Det er mange som vil juble nå når det er klart at den populære blues-rockaren spelar på Notodden Blues Festival laurdag 1. august. Det er fint å kunne innfri på dette nå. Ventetida er over», seier Forsberg.

Feirar 40-år jubileum

Goerge Thorogood opplever å vere meir populær enn nokon gang. Etter å ha feira sitt 40-årsjubileum i heile 2014, så legg George Thorogood & The Destroyers rett ut på ny omfattande «Badder Than Ever Tour» i 2015.

Den turneen fører han endeleg til Norge største bluesfestival.

– Eg trur Thorogood har hatt oss i tankane såpass lenge at det blei det vår tur nå. Dei kjem eksklusivt til oss, og så reiser dei heim igjen.

Forsberg fortel at fire tiår på vegen har finslipt George Thorogood & The Destroyers til ein velfungerande blues/rock 'n' roll-maskin.

– Bandet har bygt seg opp med eit krutsterkt repertoar som har følgt dei frå røykfylte småklubbar på 1970-talet til dagens store festivalscener, seier Forsberg.

Han meiner George Thorogood & The Destroyers gir publikum det dei vil ha: alle dei kjente låtane. George sjølv seier det slik: «the set list is all killers, no fillers».

Vil få favorittlåtar

George Thorogood

George Thorogood kjem til Notodden Bluesfestival.

Foto: Notodden Bluesfestival

– Publikum på Notodden vil derfor få sine favorittar: "Bad To The Bone", "Who Do You Love", "One Bourbon, One Scotch, One Beer", "Madison Blues", "I Drink Alone", "Rocking My Life Away", "Get A Haircut", "If You Don't Start Drinkin' (I'm Gonna Leave)".

Forsberg seier George Thorogoods inspirasjonar og gitar-riff er henta rett ut av 1950-talets Chicago-blues og rock 'n' roll. Formelen som er bygt rundt Chuck Berry, John Lee Hooker, Elmore James og Bo Diddley på full spiker har aldri slått feil for Thorogood.

– Låtane hans har etablert seg som konsertfavorittar og gjengangarar på store FM- og Classic Rock-radiostasjonar verda over. «George Thorogood skal spele laurdag 1. august, og han er framleis «Bad To The Bone». Vi har fleire spennande artistar på gang. Dei vil vi lansere fortløpande etter som dei er klare, seier Forsberg.

Legger ut festivalpass nå

Han meiner publikum berre må blinke seg ut Notodden 30. juli – 2. august 2015.

Notodden Blues Festival har dei siste åra lagt ut eit avgrensa tal på rabatterte «earlybird» festivalpass før jul.

– Desse festivalpass er svært populære og forsvinn alltid veldig fort. Med ettertrakta George Thorogood & The Destroyers på plass, så skal nok desse passa få bein å gå på i år. I fjor forsvann dei på berre to dagar. Vi har derfor valt å auke denne kvoten ein del i år», seier Forsberg.