SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Christian Flindt Bjerg skåra tre mål og sørga for at Odd Grenland slo Lillestrøm 3-2 i gårsdagens runde i tippeligaen.
Christian Flindt Bjerg skåra hattrick. Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX
Odd har dermed andreplassen på tabellen, eitt poeng bak serieleiar Tromsø. Flindt Bjerg er nå toppskårar i tippeligaen med seks mål.
Uverkeleg
- Det kjennast heilt uverkleg. Det er nesten for godt til å vere sant. Eg har aldri vore toppskårar, så dette er nesten for godt til å vere sant, seier Flint Bjerg.
Midtbanespelaren har nesten ikkje spela kampar for Odd denne sesongen.
Flindt Bjerg var skada dei to første kampane, og etter det måtte han vente på benken før han slapp til på banen.
- Men nå er det morosamt å spele fotball igjen, seier han.
Betre spelarstall
Odd Grenland har vunne jamne kampar og har fått ein god start på sesongen.
- Vi veit vi er gode på våren, men det er til hausten det blir avgjort kor gode vi er, seier Flindt Bjerg.
Han trur ein betre spelarstall og mykje positiv omtale rundt klubben er noko av årsaka til at det har gått så bra.
Til helga møter laget Rosenborg på Lerkendal. Flindt Bjerg er ikkje redd for å undervurdere trondheimslaget som har hatt ein dårleg start på sesongen.
- Det blir årets tøffeste kamp. Rosenborg er sugne på å vise kva dei er gode for, seier han.
Occean utvist
Og danske Christian Flindt Bjerg utelukkar heller ikkje at han kan ende opp som toppskårar når sesongen er over.
- Viss vi held fram på denne måten så kan alt skje, seier Flindt Bjerg.
Olivier Occean som blei utvist etter å ha fått to gule kort må stå over kampen mot Rosenborg.
Men han er teken ut på det kanadiske landslaget som skal spele mot Wales 30. mai, skriv TA.