NRK Meny
Normal

Fleire ledige i september

Det er større konkurranse om jobbane i Grenland, og fleire blir ledige.

Terje Tønnesen

NAV-direktør Terje Tønnesen meiner folk i Grenland må sjå ut over eigne kommunegrenser for å få seg jobb.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er blitt nesten 20 prosent fleire arbeidsledige i Grenland. Totalt aukar arbeidsløysa i Telemark med 13 prosent i september.

Det er no registrert 3.035 heilt ledige. På landsbasis er 2,7 prosent arbeidsledige.

Bare to andre fylke har høgare arbeidsløyse enn Telemark.

Les også:

Bygg og anlegg sliter mest

Det er flest ledige i Skien, Porsgrunn og Notodden, der er arbeidsløysa på over 4 prosent.

– Den største utviklinga i arbeidsløysa er nok i Grenland, seier NAV-direktør Terje Tønnesen.

Han seier den viktigaste årsaka er at bygg og anleggsnæringa strevar. I denne bransjen er det ein auke på 40 prosen i talet på arbeidsledige.

Nesten 450 personar med bakgrunn frå bygg og anlegg er ledige i Telemark.

– Det får ringverknader også for andre bransjer, seier Tønnesen.

Må sjå oppover i fylket

Samanlikna med ifjor er det registrert 322 fleire ledige i Grenland enn i same periode året før. Det tilsvarar nesten heile auken i arbeidsløysa i fylket.

– Det er større konkurranse om dei ledige jobbane i Grenland nå enn tidlegare, seier Tønnesen.

I den andre enden av skalaen finn vi alle kommunane i Vest-Telemark, samt Tinn, Hjartdal og Siljan der under to prosent er ledige.

– Det er viktig at arbeidsledige ser ut over eigne kommunegrenser når dei leitar etter ny jobb, seier Tønnesen.