NRK Meny
Normal

Jubel for nei til giftdeponi i Brevik

BREVIK (NRK): Folk i Brevik henta fram det norske flagget etter at det ikkje ser ut til å bli avfallsdeponi for giftig avfall i Norcem sine gruver. Men LO vil mobilisere.

Folk i Brevik jubler for at det blir nei til giftdeponi.

Arbeidarpartiet og Høgre sa måndag kveld nei til det planlagde giftdeponiet som har uroa mange i Brevik.

– Alle er glade her i dag, seier Jørn Vik som har tatt fram det norske flagget for å feire.

Det er jubel i Brevik. Folk meiner det enorme engasjementet blant innbyggarane har ført fram.

Jørn Vik flaggar for nei til giftdeponi i Brevik

Jørn Vik i Brevik.

Foto: Vibeke Ravndal / NRK

– Vi er veldig fornøgde for at det ikkje blir noko av, og at fornufta har sigra, seier Mette Ravlo.

Les også: Bellona: – Norge i ferd med å havne i "deep shit"

Føler eit stort press

Willy Sjøstrøm meiner Grenland nå endeleg kan bli kvitt inntrykket om den gule skya over Herøya.

– Nå kan vi fortelje at det er brukbart å bu her, og vi treng ikkje nokon giftpøl inn i gruvene her.

Trond Ingebretsen sit i utval for kommunalteknikk for Arbeidarpartiet og fortel om eit stort press og engasjement.

Trond Ingebretsen i Brevik Arbeidarparti

Trond Ingebretsen i Brevik Ap.

Foto: Vibeke Ravndal / NRK

– Mange av oss bur i området og treffer folk heile tida, så vi merkar at det betyr mykje, seier Ingebretsen.

Les også: Snuoperasjon trugar 100 arbeidsplassar

Meiner politikarane er feige

Dalen Arbeiderforening og LO meiner all fakta må fram før politikarane seier ja eller nei til eit deponi. Han synest det er feigt at dei snur i spørsmålet om ei utgreiing.

– Det er heilt bak mål at politikarane ikkje vil vere med på ein demokratisk prosess med ei konsekvensutgreiing for å få alle fakta i saka, seier Tom Jacobsen som er hovudtillitsvald i Dalen Arbeiderforening.

Han er skuffa over Arbeidarpartiet si gruppe i Utval for Plan og Kommunal teknikk.

– Eg synest det i utgangspunktet er feigt. Men eg kan skjønne at Arbeidarpartiet ikkje vil stå åleine når dei andre samarbeidspartia er mot, seier Jacobsen.

Les også: Ap og Høgre seier nei til avfallsdeponi

Vil mobilisere næringslivet

Irene Bordier Haukedal, LO i Telemark

Irene Bordier Haukedal, LO i Telemark.

Foto: Vibeke Ravndal / NRK

Irene Bordier Haukedal, distriktssekretær i LO Telemark, bur sjølv i Brevik og er klar på at ei konsekvensutgreiing trengst, uansett utfall.

– Eg meiner det er feigt å ikkje gjennomføre ei konsekvensutgreiing. Vi kan ikkje seie nei takk til mellom 70 og 100 nye arbeidsplassar utan å ha alle fakta på bordet, seier Haukedal.

Nå mobiliserer LO næringslivet for å få politikarane til å ta til fornuft, og håpar å kunne snu nokon før bystyremøtet i mars.

Les også: Advarer mot lagring av farlig avfall