Hopp til innhold

Fagopplæringa har brukt for mykje

Fagopplæringa ved dei vidaregåande skolar i Telemark har eit overforbruk på ti millionar kroner i fjor. Politikarane vil få på bordet ei sak der dei må ta stilling til innstrammingar eller omprioriteringar. Dersom ikkje fagopplæringa blir pålagt å redusere, vil dette gå ut over andre område i fylkeskommunen, seier økonomisjefen i fylkeskommunen.