NRK Meny
Normal

Eigedomsutviklar sikta for grov økonomisk utruskap

Ein eigedomsutviklar frå Sørlandet som bur i Skien er sikta for grov økonomisk utruskap. Økokrim og sivilt politi har tysdag ransaka heimen og kontoret til mannen.

Politirazzia i Skien mot eigedomsutviklar

Politiet gjennomførte ei ransaking tysdag hos ein eigedomsutviklar frå Sørlandet som bur i Skien.

Foto: Theo Aasland valen

Siste: Eiendomsutvikleren som er sikta for grovt økonomisk utroskap er nå satt fri etter politiavhør. Det skal ikke være fare for bevisforspillelse. Mannen nekter for å ha gjort noe straffbart.

Det er TA som først omtala saka. Ifølge augnevitne har politiet tatt med seg fleire kasser med beslaglagt materiale.

Politiadvokat Gunstein Bjørgum seier til NRK at det er miljø og økoteamet i Telemark som har aksjonert med bistand frå økokrim og teknisk bistand frå Kripos i ein ransakingsaksjon.

– Vi har arrestert ein mann i 40-åra frå Skien som er sikta for grov økonomisk utruskap.

Blir avhøyrt i ettermiddag

Bjørgum seier siktinga er knytt til næringsverksemd. Mannen er avhøyrt av politiet tysdag ettermiddag.

Politiadvokat Gunstein Bjørgum

Politiadvokat Gunstein Bjørgum ved SørØst politidistrikt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Han har ikkje tatt stilling til straffskuld på det noverande tidspunktet.

Bjørgum seier det er for tidleg å seie om det vil vere fleire som vil bli arrestert i saka. Politiet vil no gjennomføre fleire avhøyr og hente inn meir dokumentasjon i saka.

Politiet har ikkje tatt stilling til om dei vil krevje varetektsfengsling av mannen.

Avhøyra av eigedomsutviklaren held fram onsdag. Etter det NRK har grunn til å tru, har ikkje eigedomsutviklaren i 40 åra innrømt straffeskuld.

Vil ha innsyn i saksdokumenta

Advokatane Arnt Angell og Anders Brosveet assisterer den sikta eigedomsutviklaren frå Skien.

Arnt Angell

Advokat Arnt Angel assisterer mannen som er sikta.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– I første omgang betyr det at vi skal assistere han i politiavhøyr. Vi ventar på å få saksdokumenta frå politiet, slik at vi kan sette oss inn i saka.

– Korleis reagerer klienten din på at han er sikta for grov økonomisk utruskap?

– Vi har ikkje fått sjansen til å snakke med vår klient enno. Men eg kan på generelt grunnlag seie at det skriv seg frå ein underliggande sivil tvist. Så eg vil tru han er overraska.