Hopp til innhold

Dei er som eit ektepar

Trenarteamet til Odd samarbeider godt og opplever at suksess er fortent.

Jan Frode Nordnes og Eirik Haugen

Trenerduoen til Odd, Jan Frode Nordnes og Dag-Eilev Fagermo meiner dei er som eit gamalt ektepar.

Foto: Eirik Haugen / NRK

Odd ligg på sølvplass i serien, og torsdag er det semifinale i cupen mot Sarpsborg 08. Klubben opplever nå suksess etter hardt arbeid over fleire år.

– Det er vel meir rett å seie at han styrer kampen undervegs, men eg sit meir tilbake. Men vi har ein jamnleg dialog under kampen, seier Jan Frode Nordnes.

Det er også slik at det ikkje er lov å vere meir enn ein mann oppe i den tekniske sona under kampen.

– Hadde det vore lov, trur eg at eg også hadde stått mest mogleg oppreist, seier Nordnes.

(Her kan du høyre heile intervjuet)

Fortent suksess

Dei to i trenarteamet i Odd har ulike oppgåver mens kampen går føre seg.

– Men vi samarbeider veldig bra i kvardagen på trening og før trening, men også under kampen, seier Nordnes.

Trenarteamet synest det er moro å oppleve den suksessen som Odd har om dagen.

– Suksessen er fortent. Vi har jobba hardt for den, seier Nordnes.

– Vi er som eit ektepar. Vi har vore saman så lenge at eg ikkje hugsar kor lenge, seier Dag-Eilev Fagermo.

Står godt til kvarandre

Han meiner dei to står veldig godt til kvarandre. Fagermo framhevar at Jan Frode Nordnes er veldig fotballklok, og at han har ein bakgrunn som fotballspelar.

– Og så arbeider han hardt. Og det gjer eg også. Men så er nok eg litt meir utolmodig og sinna, mens han er meir tolmodig og morosam. Den balansen er viktig i eit trenarteam, seier Fagermo.

Og Fagermo understrekar at han ikkje kunne hatt ein betre mann med seg i trenarteamet.

– Vi to kan jobbe saman. Sjølv om han sikkert blir lei meg, så blir ikkje eg lei han, seier Fagermo.

Hovudtrenaren innrømmer at han er krevjande, men meiner det også er nødvendig for å vere topptrenar.

– Det er krevjande. Det er ein tøff jobb og du må vere tøff for å klare det, seier Fagermo.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark