Kjørelærar: – Folk har ikkje peiling

SKIEN (NRK): Køyrelærarar fortviler over at bilistar er dårlege til å kommunisere seg i mellom, og signalisere kvar dei skal. Dei er skuld i køane og kaoset sjølve.

Trafikkaos i Grenland

RUSHTIDA: Sjå trafikkaoset i Porsgrunn: VIDEO: Berit Heggholmen

– Her ser du eg set på blinkljoset til venstre for å signalisere at eg skal lengre enn halvvegs i rundkøyringa, då kan dei som kjem frå venstre senke farta og gje meg ei luke, slik at eg kjem inn. Dette er viktig når det er mykje kø, seier Preben Utsig.

NRK blei med Utsig ut i trafikken i Skien for å sjå på førhalda.

Dårlege på å gje signal

Oppe ved Myren i Skien står me og ser ned på ei rundkøyring. I løpet av om lag eit kvarter, har berre rundt halvparten av bilistane blinka seg ut av rundkøyringa.

Dette var stadfesta av tall som trafikksikkerhetsforeningen i Asker og Bærum har utarbeida, det skriv Budstikka. Desse syner at berre to av tre nyttar blinkljos i rundkøyringar.

Preben Utsig

KØYRELÆRAR: Utsig er ikkje nøgd med bilkulturen i Grenland.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

– Når ein skal lengre enn halvvegs i rundkøyringa bør ein blinke til venstre. Det vil auke flyten i trafikken, seier Utsig.

Han er overraska over at so få nytta blinkljos ut av rundkøyringa, og hadde håpa det var betre.

– Blinkljoset er ikkje for ein sjølv, so ein skal hugse å svinga av. Blinkljoset er for at andre skal vite kvar du skal, seriar han.

Ikkje berre blinkljos

Utsig fortel at det er ikkje berre blinkljoset bilistar syndar mot. Ein av kollegaene hans ved trafikkskulen kjem køyrande frå Larvik kvar dag, og har dårleg erfaring med ljoskryss og rushtrafikk i Grenland.

– Her i Grenland køyrer ein ut i krysset sjølv om det ikkje er klart på andre sida. Det hadde han aldri sett før han kom hit til Grenland.

Biler står i kryss

I KRYSSET: Her ser du bilane stoppe midt i eit kryss, slik at trafikken ikkje kan krysse. Dei kjem heller ikkje vidare, for heilt framme lyser det raudt.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Grenlandsrøysta er klar

Ute blant folk i Grenland er meininga klar, folk bruker ikkje blinkljos i rundkøyringane.

– Ein aner ikkje kva dei gjer, skulle tru det var i gamledagar og dei brukar høgrearmen for å syne kvar dei skal, seier Per Tolefsen.

Sjølv legg han ikkje noko i mellom, og fortel at han er flink til å nytte blinkljos.

Trafikkaos Porsgrunn

RUSHTRAFIKK: Hovudvegane i Porsgrunn tettast til.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Betre i byen

Utsig seier at ein skulle tru at bilistane i Grenland var flinkare til å unngå kø enn dei er i dei store byane, fordi her er det stort sett berre bilar ein må ta omsyn til.

– I byane har dei mykje meir ein må ta omsyn til i trafikken. Trikkar, bussar, – og mange fleire folk. Der er dei flinke til å kommunisere med kvarandre, fordi dei må.

Han trekk fram byar som Stavanger, Bergen og Oslo, som døme på stader der trafikken flyt godt.