Dei tilsette blei orientert om dette på eit ekstraordinært styremøte i dag. Eit framlegg frå dei tilsette om å greie ut tiltak for betre lønsemda blei røysta ned.
Det kan bety at ein av dei tre fabrikkane blir lagt ned. Det er PEH (HDPE) fabrikken som produserer plastråstoff, no blir vurdert lagt ned.
Dei tilsette har vore kjent med at fabrikken har slitt med lønsemda dei siste åra, og det har vore arbeidd med ulike løysingar for å betre lønsemda.
Får store ringverknader
Fagforeiningane i Bamble er uroa for at 100 arbeidsplassar kan forsvinne, med dei store ringverknadene det får for lokalsamfunnet.
No krev dei politiske signal om sikring av råstoff til Grenland. Og at det blir gjeve signal frå dei utanlandske eigarane om at dei vil satse i Noreg.
- Gassrøyret til Grenland med anten eit kombinasjonsrøyr eller eit separasjonsanlegg er nødvendig for Borealis, heiter det i ei uttale frå fagforeingane.
Dei krev at regjeringa kjem på banen med snarlege initiativ og politiske utspel.